Les alt for bare 10 kr!

– Rørande å sjå kor mange som bryr seg

Louise Myrland og Ida Benedicte Kårhus er to av kvinnene som denne veka stod fram i NRK Brennpunkt med dårlege opplevingar frå tida i Jehovas vitner. No ønskjer dei å hjelpe andre i liknande situasjon.

Publisert 22. november 2020

– Det har vore skummelt, absolutt. Ein er jo alltid redd for kva folk tenker, seier Louise Myrland til Vårt Land.

Ho og venninna Ida Benedicte Kårhus fortalde i NRK Brennpunkts dokumentar Guds utvalde: Jehovas vitner om korleis blei utspurde om seksuelle synder i eit såkalla domsutval, til eit detaljnivå som inkluderte både «puppar», «penis» og «orgasme». Ingen av kvinnene er medlemmar av Jehovas vitner i dag. Kårhus blei ekskludert som 23-åring. Myrland blei først ekskludert, blei sidan tatt tilbake, men valde deretter å forlate trussamfunnet frivillig. Konsekvensen for dei begge er at dei ikkje lenger får ha kontakt med familiane sine, berre på eit minimalt nivå. Som ekskludert frå Jehovas vitner kan du framleis få viktige meldingar om til dømes dødsfall i familien.

– Men eg tviler på at dei ville ringt og sagt at dei var stolte av meg, etter å ha sett dokumentaren. Så glad eg ville blitt, dersom dei hadde gjort det, seier Kårhus.

– Betyr alt!

Om ikkje familien har tatt kontakt, er det mange andre som har gjort det.

– Vi har fått overveldande mykje respons. Det er rørande å sjå kor mange som bryr seg, seier dei to, og fortel om delingar og tilbakemeldingar frå alt frå gamle klassekameratar på barneskulen til framande folk som ønskjer å vise støtte.

– Det betyr alt! Bodskapen er så viktig. Det er så fint å sjå at han når fram til heilt vanlege folk i heimane sine, seier Kårhus.

LES MEIR: Vil ha slutt på interne domstoler

ANNONSE

Det har ikkje vore ein lett ting for kvinnene å stille opp i NRK Brennpunkts dokumentar, men begge meinte det var viktig at nokon gjorde det. Myrland stilte først opp som anonym kjelde. Etter kvart blei ho i staden ei av dei viktigaste stemmene i dokumentaren. Kårhus kunne godt tenke seg at noko andre hadde tatt hennar plass, men ho såg saka som så viktig at ho stilte opp.

– Eg håper at folk ikkje tenker for mykje berre på meg, men på at eg representerer det som veldig mange menneske går igjennom. Eg er blitt straffa for å gå ut av trussamfunnet. Slik sett har eg ikkje reell trusfridom, seier Kårhus.

– Bør miste statsstøtte

Same dag som dokumentaren blei sendt denne veka, gjekk SVs Petter Eide, som sit i justiskomiteen på Stortinget, ut i Vårt Land og uttalte:

– Vi kan ikkje ha parallelle domstolar som dømmer folk ut av familien sin.

Myrland og Kårhus stiller seg bak engasjementet, og håper at det resulterer i at det skjer noko med praksisen i Jehovas vitner. Myrland seier også at ho håper på reguleringar i tildelinga av statsstøtte til trussamfunnet.

– Tenker du at Jehovas vitner ikkje burde få statsstøtte?

– Eg tenker at dei bør få statsstøtte, på lik linje med alle andre trussamfunn, dersom dei kan bevise at dei ikkje bryt menneskerettane, seier Myrland.

Kårhus, på si side, seier rett ut at Jehovas vitner bør miste statsstøtta.

– Eg trur ikkje mange av dei som ser dokumentaren, har lyst til å bruke skattepengane sine på dette.

Vårt Land har gitt Jehovas vitner høve til å svare på påstandar som kvinnene kjem med i dette intervjuet. Dei har ikkje svart.

LES MEIR: Den strenge troen. Dette er Jehovas vitner

Kårhus meiner at det skal vere lov til å ha ei tru, men ho er heilt samd med SVs Petter Eide i at det er «prinsipielt gale å ha eit parallelt domssystem med eigne straffesanksjonar.»

– Det har ikkje så mykje med Gud å gjere, men om korleis menneska innanfor styrer trussamfunnet, seier ho.

– Korleis reagerer medlemmar du kjenner når du treffer dei tilfeldig på gata?

– Noko kan nikke og gi deg eit lite smil. Andre kan oversjå deg totalt, sjølv om du nettopp trudde du hadde augekontakt. Dei latar som om dei ikkje såg deg.

Vi har fått overveldande mykje respons.

ANNONSE
Ida Benedicte Kårhus og Louise Myrland (til høyre) er i dag med på å hjelpe andre som ønskjer å fjerne seg frå lukka, religiøse samfunn.

Mannlege domsutval

Eit aspekt Myrland er opptatt av, er kjønnsperspektivet. Ho meiner at maktubalansen i trussamfunnet er stor. I domsutvala til Jehovas vitner sit det berre menn.

– Menn dømmer kvinner. Og kvinner får ikkje ha posisjonar i kyrkjelyden. Det meiner eg er eit klart brot på menneskerettane. Vi er like mykje verdt, uavhengig av kjønn.

– Er det flest kvinner som hamnar i domsutvala til Jehovas vitner?

– Det skjer med menn, òg.

– Korleis kjem saker opp for eit domsutval? Er det etablert praksis å angi andre, eller melder folk seg sjølve inn til dei eldste av dårleg samvit?

– Eg vil seie at det er 50-50. I mine tilfelle har eg sjølv gått til dei fleire gonger, fordi vi blir lærte opp til å tenke at synda ikkje kan gjerast opp ved eiga bøn. Du er nøydd til å ha åndelege vegleiing. Dei eldste må hjelpe deg. Men om du fortel til nokon andre først at du treng hjelp, er dei straks medskuldige. I verste fall kan også kompisen din døy i Harmageddon fordi han har vore uærleg med dei eldste. Fryktfaktoren er høg, seier Myrland.

Dommens dag

Harmageddon er eit anna ord for dommens dag. Dei som ikkje har si sak i orden med Gud, vil då gå fortapt. Dette lærte Myrland allereie som barn. Som barn i Jehovas vitner hadde ho det likevel trygt og godt.

– Eg var ikkje redd for Harmageddon då. Det var skumle ting vi lærte, men eg var alltid sikker på at eg var trygg, fortel ho.

Som tenåring begynte ho å tvile og hadde lyst til å teste grenser.

– Som Jehovas vitne var det veldig vanskeleg å teste grenser på den måten som ungdommar elles gjer. Det er knytt ei djup skamkjensle til det å gjere galne handlingar. Du går rundt med konstant dårleg samvit for den minste ting, fortel Myrland.

Eitt døme er sci fi-videospelet Halo, som ho likte å spele. Det var noko ho følte at Jehova såg morskt på. Dersom det var overnaturlege element i spelet, kunne ho bli redd for at det skulle komme demonar inn i huset.

Særleg når ho var med venner som ikkje var Jehovas vitner, måtte ho passe på kva ho sa, så ho ikkje skulle vere eit «dårleg vitne».

– Du ser deg alltid over skuldra. Du er alltid på vakt.

Stort val

I NRK Brennpunkts dokumentar fortel Myrland om ein samtale med ein eldste i kyrkjelyden: «Masturberte han kjønnsorganet ditt til orgasme? spør han. Eg var 18 år og åleine i eit rom med ein mann på 45.»

– Då begynte eg å lure på om eg kanskje måtte gå ut av denne religionen etter kvart, fortel Myrland til Vårt Land.

Det var eit stort val å ta. Først valde ho å leve på den «vanlege» måten og vere eit Jehovas vitne, med mykje hjartebank. 

Etter kvart bestemte ho seg for å leve eit dobbeltliv. Ho fekk nye venner på jobben og bygde seg opp eit nettverk utanfor kyrkjelyden. Først då ho fekk seg ein kjæraste som ikkje var medlem av Jehovas vitner, blei ho ekskludert, som 20-åring. 

Kontakten med familien blei borte. Ho prøvde å vende attende og vise «ekte anger» for å få tilbake kontakten med familien.

– Eg gjorde det vanskeligaste eg har gjort i livet mitt, nemleg å lyge for mamma og pappa, og sjå den ekte gleda i auga deira fordi eg ville vende tilbake til Jehova, fortel Myrland.

Etter kvart fortalde ho at ho likevel ikkje trudde. Etter ein periode som såkalla «inaktiv» trekte ho seg heilt ut av trussamfunnet. Då mista ho på nytt kontakten med familien.

ANNONSE

Saknar familien

I prosessen fram mot NRK Brennpunkt-dokumentaren har Myrland kjent på ei redsle for å såre familien sin ved å ytre kritikk mot Jehovas vitner, og ved å gå ut som ein «fråfallen» i det offentlege. I tillegg til foreldra sine, og besteforeldre på begge sider, har ho også tre søstrer.

– Saknar du familien din?

– Eg saknar dei, ja. Kvar einaste dag.

Det same gjeld Kårhus. Det er framleis sårt for henne å vere avskoren frå kontakt, for ho elskar familien av heile sitt hjarte. Ho har likevel klart å forsone seg med situasjonen, akseptere at det er slik det er, og sjå framover.

– Dei gjer ikkje vondt mot meg med vilje, seier ho.

Kårhus har eit håp om at Jehovas vitner ein gong skal fjerne ekskluderingsregelen, så dei kan vere saman som familie igjen – på tvers av tru.

– Kanskje NRK Brennpunkts dokumentar kan føre til ei endring i systema som Jehovas vitner held seg med.

Vil hjelpe andre

Kårhus håper også at dokumentaren når ut til folk har lyst til å bryte ut, men som ikkje tør. Ho er sjølv blitt kontakta av mange sidan ho blei ekskludert av Jehovas vitner som 23-åring, og har hjelpt mange som har brote ut av trussamfunnet.

Eg saknar dei, ja. Kvar einaste dag.

Begge kvinnene er i dag med på å hjelpe andre som ønskjer å fjerne seg frå lukka, religiøse samfunn. Nokre tek kontakt privat. Andre får dei kontakt med gjennom Hjelpekilden, ein frivillig organisasjon som hjelper menneske med bakgrunn frå strenge eller lukka religiøse miljø.

– Kor viktig er det med eit tilbod som Hjelpekilden?

– Uendeleg viktig! Dei fortener mykje meir støtte enn dei får! Dei er dei som fortener statsstøtta, heldt eg på å seie. Skam som er påført av religion har så stor innverknad både på unge og eldre menneske, seier Myrland.

– Ein er så åleine når ein går ut, at ein ikkje veit kvar ein skal starte. Og ein blir fortalt at det ikkje finst nokon der ute. Men det gjer det faktisk, supplerer Kårhus.

Kan vere seg sjølv

Begge dei to kvinnene seier at det i dag har det veldig bra. Dei har gode minner frå barndommen. Og livet, slik det er blitt, er slett ikkje verst.
Som Louise Myrland seier det:

– Eg er lykkeleg. Eg er ein positiv og ærleg person, etter så mange år der eg ikkje har kunna vere meg sjølv fullt ut. Der eg før måtte lyge for å «overleve», er eg no opptatt av å vere så ærleg og transparent som det går an å vere. Eg er politisk aktiv. Eg er open. Det er ein klisjé, men eg lever kvar dag som om det er den einaste eg har.

Det er ein klisjé, men eg lever kvar dag som om det er den einaste eg har.

Les også