Les alt for bare 10 kr!

Laura Djupvik har slutta å skamme seg

Då Laura Djupvik fekk ein autistisk son, 
oppdaga ho nåden.

Publisert 08. oktober 2020

I store delar av livet var det skamfullt for Laura Djupvik å knytte seg til ein kristen identitet. Det var ei dobbelt skam, kan ein seie: Ei skam over å tru, og ei skam over ikkje å tru.

– Heile livet har eg kjent på ein ambivalens. Eg er ikkje kristen nok til å vere kristen, men er ­samtidig for mykje kristen til ikkje å vere det, fortel ­forfattaren og forlagsredaktøren.

Slik har ho tenkt lenge. Men etter at fjorårs­romanen Hjartet er ingen logrande hund har fått verke ei stund, ser ho annleis på det. Ho ville ikkje sagt ja til Min tro-intervju dersom vi hadde spurt henne i fjor. Nesten uansett kva ho hadde sagt, ville det blitt feil neste dag, meiner ho. Men no vågar ho. Skamma over trua er omsider borte frå livet hennar.

– Det som er vanskeleg å sjå når ein grublar for seg sjølv, kan andre sjå tydelegare. Eg var på fjelltur med ei god venninne, som sa til meg: «Men du er jo kristen, du, Laura!» Sjølv hadde eg hatt så mange innvendingar at det blei vanskeleg å slå fast dette enkle. På fjellturen hadde eg endåtil hengt på meg eit lite kors, redd for å bli overrumpla av storm. Då tenkte eg: Ja, eg er nok kristen.

– I Bibelen stig gjerne Gud ned på fjellet?

– Nettopp.

Rører ved såret

Som forfattar skriv Laura ­Djupvik som eit vitne. Ho legg fram noko som skal stå der. Prøver å formulere og sette ord på eit tomrom i seg sjølv. Den nemnte romanen handlar om ein kultur som er prega av konservativ kristendom og baserer seg på røynsler frå Djupviks eige liv.

– Som skrivande blir eg trekt mot det som gjer vondt. Dersom du har eit traume eller eit sår, ber det om å bli rørt ved. Og det som ein ikkje kan røre ved, kan ein røre ved i skrifta.

Ho har høyrt om fleire andre som er i same båt: Menneske som har brote med eit sterkt kristent miljø frå barndommen eller ungdommen, og så blir dei ikkje heilt kvitt det. Det er noko som blir igjen der. Ein rest.

– Eg har aldri klart å vere ateist. Før eg veit ordet av, ber eg ei bøn.

ANNONSE

Logg inn for å lese videre

eller

Ikke abonnent?

Nå kan du lese Vårt Land digitalt i 10 uker for 10 kr*

10 uker - 10 kr

*Abonnementet er løpende og kan sies opp når som helst. Etter prøveperioden fornyes det automatisk til rabattert pris kr 199 per måned.

Les også