Les alt for bare 10 kr!

Vi lever som om vi ikkje skal døy

Karl Ove Knausgård feila i å skrive ein roman om Jesus. I staden tok han utgangspunkt i djevelen.

Publisert 21. september 2020

Karl Ove Knausgård er som forfattar kjend for å ha etablert eit monumentalt «eg», særleg i seksbandsverket Min kamp. I flettverksromanen Morgenstjernen gir han derimot stemme til ni ulike personar. Ein av dei er hobbyfilosofen Egil Stray, som får avslutte romanen med eit essay om døden og dei døde. På mange vis grip essayet attende til Min kamp, som også handlar om døden, til Knausgårds far.

Egil Stray er ein romanfigur som fører eit meir radikalt språk enn essayisten Knausgård. Noko av den same essayistiske krafta og interessa for store spørsmål har dei likevel felles. «Det er døden som har skapt oss», heiter det i Morgenstjernen.

– Setninga er slutten på eit langt resonnement som begynner med at døden eigentleg ikkje er nødvendig. Denne slåande tanken las eg hos Georges Bataille. Det er så lett å ta døden for gitt, at han finst av ein grunn, slik naturlovene finst av ein grunn, at alt finst av ein grunn. Men kva ville livet blitt utan død? Det ville blitt noko heilt, heilt anna. Døden er premisset for det livet vi ser no, premisset for oss sjølve, for heile menneskeheita, seier Knausgård.

Vi skyv døden unna

Døden er med andre ord definerande for menneskelivet. Samtidig reflekterer forfattaren over at han ikkje er endå meir definerande.
– Ein skulle tru at kvart minutt blei meir akutt, fordi vi veit at vi skal dø, og at vi lever i eit så kort tidsspenn. Likevel skyv vi døden unna. Vi lever som om vi ikkje skal døy.

– Sjølv midt i ein pandemi?

– Ja, plutseleg kjem det slikt som ein pandemi. Det gjer noko med oss. Men også ein pandemi klarer vi å gjere til noko naturleg. Vi handterer han slik at han blir kvardag, pandemien òg. Det er det som gjer at vi klarer å bygge den kulturen vi bygger. Han er bygd på udøyelegdom.

ANNONSE

Logg inn for å lese videre

eller

Ikke abonnent?

Nå kan du lese Vårt Land digitalt i 10 uker for 10 kr*

10 uker - 10 kr

*Abonnementet er løpende og kan sies opp når som helst. Etter prøveperioden fornyes det automatisk til rabattert pris kr 199 per måned.

Les også