Les alt for bare 10 kr!

Presten som gifta seg med ein drapsmann

Ein drapsmann er ikkje berre ein drapsmann. Ein prest er ikkje berre ein prest. Ingrid og Andreas Ribe-Nyhus lever begge i nåden.

Publisert 18. september 2020

Ingrid Ribe-Nyhus er presten som gifta seg med ein drapsmann. Eller gjorde ho eigentleg det? Gifta ho seg ikkje med Andreas, ein mann som har sona ferdig straffa si? Eit menneske ho har lært å kjenne som open, omsorgsfull og intellektuell?

Dei møttest første gongen då Ingrid var prest i Paulus kirke i Oslo. I kyrkja hadde ho medansvar for arrangementet Uro i Paulus. Første gjest var Sissel Gran, ein suksess av dimensjonar, med 500 frammøtte. Med neste gjest var ikkje Ingrid så godt nøgd med eigen innsats. Då temaet den tredje gongen skulle vere «Forbrytelse og straff», ønskte ho å førebu seg best mogleg. Aller først spurte ho sin eigen far, fengselsprest Kjell A. Nyhus, om han kjente til ein innsett som kunne delta i samtalen.

– Han spurte Andreas om det var greitt at han tipsa meg om han, og det var det. Slik fekk eg e-postadressa hans, fortel Ingrid.

Ho sendte ein førespurnad og møtte Andreas, som då heitte Andreas Ribe, til to førebuingssamtalar vinteren 2018. Gjennom samtalane steig forteljinga fram, om korleis ein roleg og tenksam sørlandsgut kunne ende opp med 14 års fengselsstraff for drap. Om skyld og soning, svære tema.
Den 12. april hadde dei samtalen i kyrkja, den første gongen Andreas fortalde offentleg om det han hadde gjort. I etterkant av samtalen merka Ingrid at ho hadde lyst til å snakke meir.

– Vanlegvis når ein har ein samtale på scena, går ein kvar til sitt i etterkant. Det skjedde ikkje i dette tilfellet?

– Nei.

ANNONSE

Logg inn for å lese videre

eller

Ikke abonnent?

Nå kan du lese Vårt Land digitalt i 10 uker for 10 kr*

10 uker - 10 kr

*Abonnementet er løpende og kan sies opp når som helst. Etter prøveperioden fornyes det automatisk til rabattert pris kr 199 per måned.

Les også