Les alt for bare 10 kr!

I bøn og kjærleik

For Tord Gustavsen handlar trua om nærvær. Til å opne seg for kjærleikskreftene.

Publisert 29. august 2020

Tord Gustavsen har spela piano så lenge han kan hugse. Far hans spelte mykje, både morgon og kveld, og frå 2–3-årsalderen var vesle Tord med han og spelte firehendig. Improvisasjon.

Som barn laga jazzpianisten små historier av tonane. Han likar framleis når musikken han spelar er kopla til ei verselinje, ein tittel eller ein tekst. Men han forstod likevel tidleg at musikken seier meir enn ord, og når inn til ein stad bakanfor.

– For meg handlar det om intenst nærvær og venleik, seier Gustavsen.

– Og det handlar om uttrykk, om korleis eg seier det som er sannast og viktigast her og no.

Det er nettopp dette som er temaet for intervjuet: det sanne og viktige. Slik er det alltid når vignetten er «Min tro». Hos Tord Gustavsen ligg det både i musikken og i trua.

– Når eg spelar, prøver eg alltid å opne meg for ein venleik som har noko heilagt i seg. Slik sett minner musikken om bøn. Om meditasjon.

Å vere til stades

Ein kvar konsert er noko heilagt for Gustavsen, ei slags gudsteneste, anten han spelar solo i Nidarosdomen eller med trioen sin på Nasjonal Jazzscene i Oslo. Det handlar om å vere til stades i augeblinken, la seg inspirere av flygelet og korleis det kling i rommet. Gustavsens forkjærleik for improvisasjon, som han alltid har bore med seg, gjer at han prøver å skape noko der og då, i staden for å følgje ein plan om korleis det burde ha vore.

Også i dette finst parallellane til trua.

– Det gjeld å ha nokre visjonar, ein ideologi, men ein må ikkje bli så stiv. Vi må også la oss forme av augeblikket, seier han.

LES OGSÅ: Min tro-intervjuet med Solfrid Molland

LES OGSÅ: Min tro-intervjuet med Olav Fykse Tveit

ANNONSE

Logg inn for å lese videre

eller

Ikke abonnent?

Nå kan du lese Vårt Land digitalt i 10 uker for 10 kr*

10 uker - 10 kr

*Abonnementet er løpende og kan sies opp når som helst. Etter prøveperioden fornyes det automatisk til rabattert pris kr 199 per måned.

Les også