Preses byrja å stille spørsmål ved om kristendommen var sann

Som tenåring var det vanskeleg for Olav Fykse Tveit å ha kristendommen tett på. På veg inn i Nidarosdomen under vigslinga si fekk han ein visjon.

Min tro

Den svenske folkekyrkja held seg med ein erkebiskop. Den tittelen er ikkje i bruk i Den norske kyrkja. Når Olav Fykse Tveit skal presentere seg, må han dermed seie «preses» («fremst blant likestilte») eller «leiande biskop». Begge deler lever han godt med. Men korleis kom han hit, til denne posisjonen? Han som sa til mor si og far sin at når han blei vaksen, skulle han iallfall ikkje gå meir i kyrkja, for då kunne han bestemme sjølv?

Faren var prest. Sonen lurte ei stund på om tru først og fremst var ein jobb. Og spenninga låg i han i oppveksten. Han blei ofte tatt med i kyrkja og på kristelege aktivitetar. Samtidig kunne det kjennast litt flautt å vere den einaste i gutegjengen som heldt på med slikt. Han ville ikkje skilje seg ut. Olav ville vere ein av gutta og sparka fotball saman med dei. Eit idrettstalent må han ha vore, for han har ei bestenotering på 60-meteren på 7,1. For den som måtte vere i tvil: Det er raskt. Og han var krinsmeister i høgde to gonger.

– De flytta fleire gonger i oppveksten, slik det ofte kan vere med prestefamiliar. Var dette utfordrande for deg? Blei du rotlaus på noko vis?

– Då vi flytta og eg var sju og eit halvt år gammal, då græt eg. Eg ville ikkje reise ifrå kameratane mine. Men etter to veker hadde eg like mange kameratar på den nye staden. Eg lærte at livet ikkje tek slutt av å vere i forandring, seier Fykse Tveit.

Trua tek form

Oppveksten var også ei tid der han måtte finne ut av om tru var noko meir enn ein prestejobb. Var det noko i trua som også var for han? For Olav? Som bygde vidare på dei trygge rituala i familien, på morgonandakten og salmesongen ved frukostbordet. Bønestunda om kvelden.

– Då eg blei 12-13-14 år og begynte å stille spørsmål ved om kristendommen var sann, var det litt vanskeleg at han var så tett på meg. Eg hadde ikkje høve til å fjerne meg heilt, fortel biskopen.

– Samtidig kjente eg på at det låg noko godt i det eg hadde fått med meg.

LES OGSÅ: Min tro-intervjuet med Solfrid Molland

Han hugsar første gongen han gjekk til nattverd. Han var på påskeleir på Mjuklia i Rennebu, ein av leirstadene til Det Norske Misjonsselskap.

– I nattverden kjente eg at dette også var mitt. Trua begynte å ta form.

På gymnaset hadde han si første økumeniske erfaring, der bestevenen var pinsevenn og blant anna hadde eit anna dåpssyn. Fykse Tveit forstod likevel at dei hadde meir felles enn kva dei var usamde om. Dei dreiv skulelaget saman.

– Det var ei basal økumenisk oppleving: Det vi har felles, er mykje viktigare enn forskjellane. Seinare merka eg også at det var umogleg å lese Martin Luther utan å samtidig lese han frå ein katolsk ståstad. Utan økumenisk openheit og samtale, kjem vi mykje kortare. Det er meir spennande å vere økumenisk innstilt. Då kjem vi også nærmare sanninga.

Sort får likevel?

For det blei slik at Olav Fykse Tveit begynte på teologistudiet. Jobben til faren hadde ikkje skremt han bort.

– Du blei ikkje «det sorte får» i familien, som så mange andre prestesøner?

– Det er ingen som veit kva eg har gjort ...

– Du må gjerne fortelje!

– Nei, det er ikkje så mykje spennande. Eg har gjennomlevd mange brytningar. Samtidig har det vore greitt å ikkje ha trunge å ta eit stort oppgjer med trua. Men eg har gått igjennom så mange prosessar at eg veit at trua er mitt eige val. Det ligg ingen automatikk i dette.

---

Olav Fykse Tveit

  • 59 år
    Kjem frå Bømlo, Dale, Åfjord og Gol
    Gift, tre vaksne barn og fire barnebarn
    Ny preses i Bispemøtet i Den norske kyrkja og biskop i Nidaros domprosti
    Vigsla i Nidarosdomen den 10. mai i år

---

Eg har i nokre tilfelle kjent meg litt «utanfor».

—   Olav Fykse Tveit

– Kva sa far din til yrkesvalet ditt?

– Han sa at eg ikkje måtte bli prest dersom eg ikkje var heilt sikker på at det var det eg ville. Han bad meg tenke meg om både lenge og vel, seier Fykse Tveit.

Og det var akkurat det han gjorde, etter at han hadde studert teologi. Han kjempa framleis så mykje med dei kristne dogma at både han sjølv og biskopen meinte at kandidaten burde vente eit år med ordinasjonen.

– Det var rett både for han og for meg. Eg var ikkje moden for det, og han var ikkje klar for å ordinere meg, seier Fykse Tveit.
I staden blei han feltprest i militæret, til det trong han ikkje ordinasjon, og var sjelesørgjar for tjue unge rekruttar om dagen.

– Då begynte eg å oppdage at det finst nokon som har bruk for at eg er her. Eg forstod at kyrkja treng prestar, sjølv om det alltid vil finnast spørsmål vi lurer på. Og neste gong eg kom til ein biskop, sa han: Vi veit ikkje kva som skjer etter døden, men eg veit at folket i Haram har bruk for ein prest!

Til verdas endar

Fykse Tveit var prest på Sunnmøre i fire år. Derfrå blei heile verda verkefeltet hans. Som 41-åring blei han generalsekretær i Mellomkyrkjeleg råd for Den norske kyrkja, populært kalla for kyrkja si «utanriksteneste». Sju år seinare, i 2009, blei han stasjonert i Genève som generalsekretær for Kirkenes verdensråd (KV), verdas største økumeniske organisasjon med over 340 medlemskyrkjer. Han har møtt kristne på grasrota over heile verda, og han har hatt fleire samtalar med paven – endåtil fleire pavar. Hos pave Frans fann han gjenklang for sin eigen visjon, som også er KVs visjon: Vi kan ikkje vente til teologane har løyst alle problema før vi gjer noko saman!

– Kva har det gjort med di eiga tru å vere i kontakt med så mange ulike kristne over heile verda?

– Det enkle svaret er at trua mi er blitt styrkt av det. Eg kan identifisere meg endå meir med den kristne trua som noko som er frigjerande, som gir menneske håp, som kan gi menneske frimot til å leve under mykje vanskelegare vilkår enn eg kan tenke meg. Det blir heilt meiningslaust å seie at det eg trur på, ikkje betyr noko. Det er også ein større rikdom i forskjellige kyrkjesamfunn og tradisjonar. Eg har sett at trua mi har mykje meir i seg! Når du seier "Min tro", så har det to dimensjonar i seg: Det eine er at eg trur, men det andre er innhaldet i trua, som er blitt større for meg. Vi må bruke den krafta som ligg i andre tradisjonar, ikkje berre seie at dei er interessante.

– Korleis er tilnærminga di til truande frå andre religionar?

– Eg prøver å gi uttrykk for at eg har respekt for andre menneske, og nysgjerrigheit på det dei trur og står for. Eit siktemål har vore å finne ut korleis vi saman kan ta tak i det som verkeleg er problema i verda: spenningar, konfliktar, til dels væpna konfliktar. Korleis kan religiøse leiarar ta tak i det vi har felles, som ærefrykt for livet og ærefrykt overfor Gud, og gjere det gode saman? Eg har opplevd at dialogen er ein plattform for å gjere noko, ikkje berre for å finne ut noko, seier han.

– Samtidig skal vi respektere forskjellar også. Vi skal ikkje tenke at alt er likt eller må vere likt. Men vi er alle undervegs, og det er viktig at vi finn nye vegar å leve saman på, i fred.

Kjernen i trua

– Dersom vi skal sirkle inn kjernen i di eiga tru. Kva er den?

– Det er trua på den treeinige Gud. At Gud har skapt meg. At Jesus har vist meg kva Guds kjærleik er, gjennom sitt liv, og gjennom døden og oppstoda. At Den heilage ande skaper nytt liv, ny tru og tillit hos oss menneske. Det er kjernen.

– Finst det noko som utfordrar den trua?

– Ja, mykje.

– Kva då?

– Ein kan jo lure på om Gud finst, til dømes. Vi kan ikkje bevise det. Eller eg kan spørje kva det vil seie at Gud er skaparen, når vi ser kor mykje det er som bryt ned liv. Kor er skaparguden og skaparkrafta i dei krisene vi ser rundt oss i verda i dag? Men i trua ligg det meir enn det vi ser, ei forventning. Ho er som eit frø som spirer og blir til nytt liv.

– Som kristen leiar, har du nokon gong kjent på eit press om å skulle tru rett?

– Ja, eg har jo det. Også i ungdommen, der det var ein dynamikk i enkelte miljø om at «sånn må det vere». Eg har i nokre tilfelle kjent meg litt «utanfor», og det er ei viktig oppleving, at ein ikkje heile tida er i det indre, gode selskap.

– Du har aldri vore freista til å forlate trua? Å seie at nok er nok?

– Jo, nokre gonger. Også då eg var prest: Er det eigentleg nok, det eg har å komme med? Eg snakka med ein annan prest om dette, og han sa til meg: Det er godt å høyre at Den heilage ande arbeider med deg. Ein må våge å opne seg for spørsmåla. Det er ikkje slik at verda går under fordi ein lurer på noko. Eg blir alltid litt skeptisk til folk som gir inntrykk av at dei aldri har lurt på noko.

– Korleis pregar trua livet ditt?

– Ein ting er at eg har gått inn i den jobben eg har. Men trua får også uttrykk i korleis eg prøver å sjå på andre menneske. Alle er Guds skapningar med like stort verd, også dei som opplever at dei ikkje blir verdsett, men som blir nedvurdert av andre.

Ber Fadervår

Kyrkjas overhovud fortel at han prøver å be Fadervår minst ein gong om dagen, ei bøn han meiner inneheld mykje av det vi skal be om. Han ber lettast saman med andre, ikkje berre åleine, men han ber også når han går tur, når han har ei stille stund, når han skal ete og når han skal legge seg.

– Det er mange måtar å be på. Det må ikkje blir noko verdsmeisterskap. Men Jesus har gitt oss ei enkel og grei bøn å be. Denne er blitt stadig viktigare for meg, seier han.

Biskopen lar seg røre av salmar, kanskje også fordi han har hatt dei med seg sidan barndommen. Ein av de første han lærte utanåt som barn, er Med Jesus vil eg fara, som rører djupe strengar hos han.

– Korleis har du det som biskop og prest: Går du ofte i kyrkja utan å vere på jobb?

– Eg prøver å gå i kyrkja når eg kan, men av og til tenker eg også at i dag må eg tenke på noko anna enn jobben min. Gud er stor nok til å sjå at det går bra. Men eg har jo glede av å gå på gudstenester. Det er veldig fint å sitte på bakarste benk, også.

Som kyrkjeleiar har han late seg inspirere av gudstenester i Afrika, der kyrkjegjengarane har pynta seg opp til livsens fest.

– Dei kan vere saman i timevis og be og synge, utan å gi inntrykk av at dette var for slitsamt. Festen og gleda rundt det å vere på gudsteneste har gjort stort inntrykk på meg.

– Reflekterer du noko over at kyrkja du sjølv leier, har synkande medlemstal?

– Eg blir stadig minna på det! Men det er ikkje utan grunn at 3,7 millionar held fram med å vere medlemmar! Det gjeld å ikkje bli for opptatt av tal. Vi må ha meir søkelys på innhaldet og dei menneska som representerer tala. Dei er alle viktige.

– Som leiande biskop i Den norske kyrkja skal du både leie og tene. Kor viktig er det å ta inn over seg tenarrolla i ein posisjon som du no har fått?

– Det er tenar eg er. Det er fint å få vere med og tene Gud og menneske. Men det er ei dagleg utfordring å spørje seg sjølv kva dette tyder. Eg skal hanskast med oppgåvene og møte menneske og Gud på ein god måte.

Sterk oppleving

Sjølve vigslinga i Nidarosdomen gjekk føre seg den 10. mai i vår, med berre 50 personar til stades i kyrkja, direkteoverført på radio og fjernsyn.

– Du blei vigsla til preses i ei spesiell tid. Korleis opplevde du vigslinga?

– Eg kjente det som ei sterk og fin oppleving. Der fekk eg verkeleg vite kva slags tenesteoppgåver eg blei bedd om å ta på meg, eg fekk stadfesta at kyrkja ønskjer at eg skal ta dei på meg og eg måtte svare på at eg vil gjere det som kyrkja ber meg om. Å bli bedd for i ein slik samanheng gir frimod. Det blei ei både alvorleg og gledefull stund. Så var det jo slik at det etter planen skulle ha vore folk overalt inne i Nidarosdomen, frå heile verda, for å markere at folkekyrkja er eit stort økumenisk fellesskap både i Noreg og i utlandet. Slik blei det ikkje. Familien min var der ikkje eingong, berre kona mi. Men det kjentest som om mange var med oss likevel.

På veg inn i Nidarosdomen fekk Olav Fykse Tveit ein visjon. Fordi kyrkjerommet var så opplyst, såg han ein Kristus-figur han ikkje hadde lagt merke til før. Han tenkte på Jesus og det Jesus seier om at vi alle skal «vere eitt».

– Eg tenkte at dersom det er slik, så er jo også dei andre til stades saman med oss. Kristus er her. Vi er ikkje åleine her, sjølv om vi berre er 50 personar.

Min tro-intervjuet med Olav Fykse Tveit er ein skriftleg og omarbeidd versjon av eit sceneintervju som blei gjort på Olavsfest i Trondheim. Sjå heile videointervjuet her.

---

4 raske

  • GUD ER: Kjærleik.
  • EG KLARER MEG IKKJE UTAN: Andre menneske, og gode samtalar med dei.
  • PÅ GRAVSTEINEN MIN SKAL DET STÅ: Andre bestemmer korleis dei vil minnast meg. Eg håper det handlar om kjærleiken som er større enn døden.
  • BOKA ALLE MÅ LESE: I tillegg til Bibelen, særleg Johannesevangeliet: Nelson Mandelas sjølvbiografi, Long Walk to Freedom.

---

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Min tro