Stilla i mellomrommet

Artist Solfrid Molland ber oss om å lytte. I stilla kan Gud nå fram.

Min tro

– Eg hadde gløymt at Nidarosdomen skulle klinge med dei djupaste klokkene sine. Men ho kunne ha stemt klokkene sine etter trekkspelet mitt, det gjorde ho ikkje, seier Solfrid Molland.

Det er dagen etter at artisten spela duett med Nidarosdomen. Uføresett duett. No er ho tilbake på åstaden for å snakke om Gud. Om tru. Og om korleis trua spelar inn på musikken hennar. Molland har mellom anna reist rundt i Europa og skrive musikk til ulike katedralar og heilagstader. Ho har med ein song eller instrumentalkomposisjon på kvart einaste album ho har gitt ut, så også på årets album, Håpets kappe.
– Kva er det med det heilage rommet som inspirerer deg?
– Når vi går inn i ei kyrkje, må vi alle – både pave og gatemusikant – bøye oss for noko som er større enn oss sjølve. Eg opplever at vi er like når vi trer inn i det rommet. Det er noko inderleg der som eg også finn i andre religiøse hus, som synagogar og moskear. Når vaksne menneske bøyer seg på kne og ber for noe, for livet sitt, for barna sine, for verda, finst dette inderlege som rører meg sterkt. Kjernen til trua mi ligg akkurat der, i det inderlege, i overgivinga.

– Overgiving, seier du. Overgiving til kva?

– Overgiving til noko som er større enn oss sjølve. Biskop i Tunsberg, Jan Otto Myrseth, snakka nyleg om at Ordet i Johannesevangeliet – logos – også kan omsettast til «mellomrommet». Altså ei stille, eit intervall, som vi også kan fylle med tonar. Denne stilla er det eg kallar for Gud.

LES OGSÅ: Religionsdialog og kvinnesak kjem ut på eitt for Anne Hege Grung.

Gate og katedral

– Musikken din kan seiast å ligge i skjeringspunktet mellom gate og katedral. Du har mellom anna samarbeidd mykje med gatemusikarar. Kva kan gata lære oss om det heilage?

– Gatemusikarar frå Romania har lært meg mykje om samhald, det å ta vare på kvarandre. Eg hadde ei veninne som var sjuk, og som eg ikkje hadde tid til å besøke så ofte. På den tida spela eg konsertar med to romske musikarar som budde heime hos meg, og dei sa til meg: Men, Solfrid, er jobben din viktigare enn menneske? Det å alltid stå saman, tole konfliktar, tole kvarandre – det prøver eg å lære av gatemusikarane.

– Både på gata og i katedralen handlar det om å møte Gud, men også om å møte Gud gjennom medmenneska våre. Om å sjå lyset i ansiktet til vår neste. I kva grad vil du seie at musikken din ber med seg ein religiøs dimensjon?

– Lyttaren må legge i musikken det han eller ho vil sjølv. Men når eg skapar musikk, prøver eg å legge alt i hendene til dette mellomrommet. Dersom nokon kan høyre det, er det veldig fint.

– Du deltok i fjor på Olavsfest med førestellinga «Marias forvandling», ein dialog mellom kristendom og islam. Det nye albumet ditt er også eit dialogprosjekt, mellom kristendom, jødedom og islam. Kvifor er du så opptatt av religionsdialog?

– Ein kjent portugisisk pianist seier at det er kunstnaren si oppgåve å sette saman til ein heilskap dei bitane som er til overs i universet. Når eg lagar musikk, prøver eg alltid å skape ein heilskap, skape ein samanheng. Eg tenker jo at vi alle, alle menneske, høyrer saman. Vi er på same skip. Då må vi prøve å samarbeide og forstå kvarandre.

SJÅ OGSÅ: Scenesamtalen mellom Alf Kjetil Walgermo og Solfrid Molland på Olavsfest

---

Solfrid Molland

  • Artist
  • 53 år
  • Kjem frå Tysvær i Rogaland
  • Bur i Oslo
  • Gift, to vaksne bonus-døtrer
  • Aktuell med nyleg deltaking på Olavsfest og albumet Håpets kappe (Kirkelig Kulturverksted)

---

Forvaltaransvaret

– Dei store verdsreligionane har ein felles bodskap i ansvaret vi menneske skal ta for skaparverket. Dette aspektet står nokså sentralt hos deg? Eg har sett deg seie at vi har fleire religionar, men berre éi jord?

– Eg har vakse opp med ei mor som var aktiv i Framtiden i våre hender, så eg har alltid vore medviten om berekraft. Eg tenker at det er ein ubryteleg heilskap mellom menneske, natur og dyr. Skadar vi jorda, andre menneske eller dyr, så skadar vi til slutt oss sjølve. Vi har eit ansvar for å ta vare på den jorda vi lever på.

Molland avbryt seg sjølv for å fortelje ei historie om den sjette mannen som vandra på månen. Då astronauten Edgar Mitchell var på veg attende til jorda igjen, rapporterte han direkte på amerikansk radio.

– Han sa: «Ho er så vakker. Jordkloden ligg der som ein funklande, grøn og blå juvel mot det svarte verdsrommet. Dette er heimen vår i universet.» Men då han kom nærmare jorda, sa han fortvila: «Men kva er det vi gjer? Vi slåst mot kvarandre, vi øydelegg naturen, vi skadar dyra.» Då han var komen attende til jorda, brukte han resten av livet på å reise rundt og undervise i at alt levande høyrer saman.

– At ansvaret for skaparverket blir understreka i islam, er kanskje ikkje er så kjent for dei som har vekse opp i ein kristen tradisjon. Kan du seie litt meir om det?

– Koranen blir kalla for ei grøn bok, fordi denne bodskapen er så tydeleg. Det står mellom anna at det var ei bragd å skape menneska, men at det var ei endå større bragd å skape universet – berre at menneska ikkje veit det.

– Kristne er kanskje vande med å tenke på oss sjølve som toppen av skaparverket. Slik er det altså ikkje i islam?

– Nei. Kan det hende at uttrykket «herske over» i den bibelske skapingssoga er blitt misforstått litt? Kan det i staden tyde forvalte eller forpakte? Vi har iallfall eit forvaltaransvar og ikkje ein forbrukarrett.

Mange vegar til Gud

– Når vi snakkar om skaparverket, må vi også snakke meir om Skaparen. Kor viktig er det for deg å ha denne trua på noko større, ei gudstru, i livet ditt?

– Eg treng trua for å leve. Eg treng å gi livet mitt over til noko større. Muslimane seier «om Gud vil». I Bibelen heiter det «La viljen din skje». Men kva slags Gud? For meg er det éin Gud.

– Kven snakkar du om når du snakkar om Gud?

– Eg tenker vel at vi har eit stort fjell med mange ulike religionar som søker Gud. Og for å vende tilbake til det inderlege og overgivinga, så ser eg for meg at alle religionane søker det same.

– Nokon vil kanskje tenke at det blir litt relativistisk og nyreligiøst dersom alle vegar fører til Gud?

– New age, mindfulness, nyreligiøsitet – eg veit ikkje kva det er for noko. Eg har ikkje noko forhold til omgrepa. Eg veit berre at dette er trua mi. Og for trua finst det ikkje vitskaplege bevis. Vi kan argumentere og intellektualisere, men det er ei tru til sjuande og sist. Igjen viser det at vi menneske er i same båt. Uansett kva vi trur på, må vi lære oss å eksistere og løfte verda saman.

Skummelt å fortelje

Molland røper at ho synest det er litt skummelt å fortelje om si eiga tru, fordi søkelyset då blir retta mot henne. Ho, som er ein formidlar av andre si tru, synest det er vanskeleg å snakke om si eiga. Før ho går på scena, ber ho alltid om at det skal handle om noko større enn henne sjølv. Når ho legg ut på turné, slik planen er også i haust – ein kyrkjeturné som startar i Moss kirke og kultursenter den 29. september – er målet at kvar kyrkje skal velje å bli ein grøn kyrkjelyd.

– Det er mange grøne kyrkjelydar rundt ikring i landet, men mange av dei er sovande. Dei meldte seg kanskje inn på 1970- eller 80-talet, og så har det ikkje skjedd så mykje meir. Vi treng ein liten vekkingsrunde.

Eg tenker vel at vi har eit stort fjell med mange ulike religionar som søker Gud.

—   Solfrid Molland

---

4 RASKE

  • GUD ER: Noko større, ei kraft som finst i alt og alle
  • EG KLARER MEG IKKJE UTAN: Musikk og kjærleik
  • PÅ GRAVSTEINEN MIN SKAL DET STÅ: Navn og dato er fint.
  • BOKA ALLE MÅ LESE: Lille Tre av Forrest Carter

---

Molland snakkar mykje om kor viktig det er at vi ikkje driv rovdrift på naturen. Det ligg også innbaka i rytmen som var tenkt for oss: Vi skal så og vi skal hauste – og deretter skal jorda kvile.

– Der vi aldri legg inn pausar, utarmar vi jorda, seier ho.

– Der var pausen igjen. Mellomrommet.

– Ja, faktisk! Vi må lytte til årstidene. Vinteren er dvale, han er kvile.

– Vi skal hauste det vi sår, som det heiter. Men noko av problemet i dag er kanskje at vi ønskjer å hauste meir enn det vi sår?

– Det er akkurat det! Vi er grådige. Grådigheit er å fylle eit tomrom. Det er når vi ikkje veit heilt kva vi skal gjere med mellomrommet vi snakkar om. Kanskje fyller vi det med ting, eller med smarttelefonen vår.

– Vi må ta stilla i mellomrommet tilbake?

– Ja.

Helvete på jord

Artisten leivnar liten tvil om kor viktig naturforvalting, ressursfordeling og klimakamp er i vår tid. Det same gjeld vår evne til samhald og samarbeid på tvers av livssyn.

– Kva tenker du om korleis pandemien har ramma oss? Det ligg jo i utgangspunktet ikkje noko godt i å halde avstand til kvarandre, men det er annleis no. Avstand er den nye nestekjærleiken.

– Ja, det kan du seie. Samtidig oppstod viruset truleg fordi menneska har drive rovdrift på dyr. Pandemien er såleis også ein vekkar.

Frå syndefallet assosierer ho vidare til kor lett vi i Vesten ofte legg vekta på det intellektuelle. Det er ikkje orda våre som tel mest, men det kroppslege, det å halde rundt og bli halden rundt. Deprimerte, til dømes, kan kjenne det som at det finst ein glasvegg mellom dei sjølve og andre menneske.

Frå tanken om åtskiljinga som eit reelt helvete, assosierer ho vidare til ei historie frå barndommen. Då fekk ho som femåring høyre av ei litt eldre jente med god fantasi at dei måtte be hundre gongar til Gud kvar kveld for ikkje å hamne i helvete.

– Hundre er ti gonger ti, og det er ganske vanskeleg når du er liten. Eg begynte å tisse på meg om natta, fordi eg visste at noko skummelt kom til å skje dersom eg ikkje klarte det eg skulle gjere. Difor er det nokså maktpåliggande for meg å legge vekt denne mørke delen av forteljinga. I alle verdsreligionar er det kjærleiksbodskapen som er den viktigaste.

Musikk er ein brubyggar.

– Musikken spelar kanskje også ei rolle i dette. Korleis kan musikken knytte oss saman, endåtil på ein djupare måte enn det orda kan?

– For min del forstår eg verda og meg sjølv gjennom musikken. Då kan eg også dele noko gjennom musikken om det å vere menneske. Så kan dei som lyttar, lytte med sitt eige sanseapparat. Musikken er ein fantastisk brubyggar, eit verdsspråk som går bak orda. Når eg kjem til Romania og har med trekkspelet mitt, får eg vener med ein gong.

– Kan du hugse når du begynte å spele?

– Eg har spela og sunge frå eg var veldig lita. Då eg var ni år, laga eg eit pianostykke som heitte «Så vandret de lykkelige inn i måneskinnsnatta». Eg tykte det var så vakkert at eg aldri ville gløyme det.

I alle verdsreligionar er det kjærleiksbodskapen som er den viktigaste.

—   Solfrid Molland

– Far din var organist?

– Ja, han spelar både kyrkjeorgel og trekkspel. Taterviser, russisk og rumensk signøynermusikk. Også gjennom mor mi blei eg kjend med den russiske folkemusikken, særleg éi korplate som betydde mykje for henne etter at ho hadde opplevd noko vanskeleg. Denne har eg sjølv stadig komme attende til, også som komponist. Russiske forfattarar og komponistar tør å uttrykke dei store kjenslene. Eg treng denne musikken i livet mitt.

På dans i speidardrakt

Molland sat ofte og dingla med beina i benkeradene i kyrkja mens far hennar øvde. Barndommen var også full av kristne fritidstilbod som søndagsskule, speidar og ungdomsklubb.

– Korleis tenkte du om Gud som barn? Kan du hugse noko om det?

– Eg kan ikkje hugse at vi snakka så mykje om Gud og Jesus heime. Då eg ringte heim til mor mi og spurte, responderte ho med eit «oisann, eg har visst gjort noko gale då». Men for meg er det motsett. Vi fekk alle moglegheiter og vi fekk høve til å gå vår veg, utan å bli styrt.

Ho fekk rett nok ikkje lov til å dra på dans på ungdomshuset i sin spede ungdom. Nokre gonger rømte ho dit likevel, i speidardrakta.

– Kven er Jesus for deg?
– Han seier ein stad at ingen kjem til Faderen utan ved meg. For meg handlar det om at vi kanskje ikkje får kjenne heilskapen utan kjærleiksbodskapen. Det er denne han først og fremst bringer til torgs.
Når Molland snakkar om Jesus, hugsar ho også på bibelstaden der vi blir oppmoda til å gi bort den eine kjortelen dersom vi har to.
– Jesus var den første sosialisten, seier ho med eit smil.

Håpet gir styrke

– Du las Bibelen frå perm til perm då du var 12-13 år. Korleis opplevde du det?

– Eg syntest det var mykje der som var veldig skummelt. Ikkje minst Johannes’ openberring, med sine skremmande visjonar. Men så var det også mykje som var veldig vakkert, som det å ligge i grøne enger, og det som står om tru, håp og kjærleik. Det har eg tatt inn.

– Det var fint at du sa det, for tru, håp og kjærleik går att også i musikken din? Ikkje minst dukkar ordet håp ofte opp hos deg?

– Utan håpet resignerer vi. Håpet gir styrke, mot og handlingskraft. Også i arbeidet for planeten vår, må vi snakke frå ein optimistisk stad. Vi er nøydde til å tru at det nyttar.

– Kva håpar du på?

– Eit stort spørsmål. Eg håper at vi kan leve i ei verd der vi respekterer kvarandre si tru. At også dyra og naturen blir respektert. At delane fell på plass, og at vi klarer å skape fred både i oss sjølve og på makroplan, seier Molland.

– Å lære å tole seg sjølv burde forresten vere eit eige fag på skulen. Dersom vi klarer å tole oss sjølve, og alt som bur i oss, kan vi også tole andre.


Min tro-intervjuet med Solfrid Molland er ein skriftleg og lett omarbeidd versjon av eit sceneintervju som blei gjort på Olavsfest i Trondheim. Sjå heile videointervjuet her.

Utan håpet resignerer vi. Håpet gir styrke, mot og handlingskraft.

—   Solfrid Molland

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Min tro