Medan du sov

Victor Obunga snur døgnet sitt for å gje deg fersk avis og brød på døra. Stundom sit einsame eldre oppe og ventar for å slå av ein prat med han.

Reportasje

- Avisbod? Det jobba eg med då eg var ung, det er lett.

Ein rusa, hengslete fyr heng over sykkelen sin medan han kikkar bort på Victor Obunga.

Victor Obunga smiler høfleg, men panna hans er dekt av små sveittedropar. Det er mange femteetasjar utan heis her på Grünerløkka i Oslo.

Klokka er ti på fire på natta, og Victor er berre litt over halvferdig med skiftet sitt. Og no må han altså stå her og høyra at jobben han gjer, er enkel.

Victor Obunga ber pent den rusa mannen om å gå heim og legga seg. Etterpå smiler han, litt oppgitt.

- Det er vanskeleg med fulle folk. Det hender dei plagar meg. Av og til stel dei ting frå vogna.

Ein viktig, men usynleg jobb 

Victor Obunga er ein av 115.000 menneske som jobbar regelmessig på nattetid i Noreg, ifølgje tal frå Statistisk sentralbyrå. Dei gjer ein viktig, men ofte usynleg jobb.

- Jobben min er ikkje ordentleg anerkjend. Me blir ikkje sett fordi me jobbar natt.

I den blå tralla han dytter framfor seg, ligg spora Victor Obunga legg igjen på dørstokken. Her er både aviser, ferske bakevarer og pakker med bøker og sminke kjøpt på nett.

Tinga som ligg i tralla, fortel ei historie om korleis jobben som avisbod har endra seg.

Stadig færre heldt papiraviser. Derfor har avisboda - eller distributørar som dei no også kallast - fått i oppgåve å også levera bunkar med reklame, småpakker og fersk bakst.

Ein prat i natta

Victor Obunga tek opp ein gul pose frå tralla. I den ligg eit nybaka brød. Det brødet har han laga ei historie til.

- Eg ser for meg at ho som skal ha dette brødet, er ei eldre kvinne. For ho bestiller brød annankvar dag og bur i femte etasje.

Han undrar seg vidare.

- Kanskje er ho dårleg til beins så ho ikkje klarar gå i trappene?

Han seier han ofte går slik og tenker. Han lurer på kven dei er, dei på andre sida av døra.

- Eg tenker spesielt på dei eldre som bur åleine. Avisa er livet for mange av dei. Men sidan mange ikkje heng med på det digitale, så treng dei å få avisa på døra.

Av og til sit eldre oppe og ventar på han.

- Eldre søv ikkje så mykje. Dei vil ofte prata, nokre inviterer meg inn på kaffi. Eg seier ofte at eg ikkje har tid, men eg slår av ein prat.

Helseskadeleg, men samfunnsnyttig arbeid 

Men når Victor Obunga tek med seg den blå tralla ut i natta, gjer han noko som kan vera farleg på sikt.

Nattarbeid er forbunde med auka risiko for hjarte- og karsjukdommar, diabetes og kreft. Det viser ein litteraturgjennomgang frå forskingsinstituttet AFI i 2018.

Då er det ikkje så rart at det eigentleg er forbode å jobba på natta, mellom klokka 21 og 06.00.

Arbeidsmiljølova gjev unntak for arbeid som er nødvendig av «produksjonsmessige grunner eller for å dekke samfunnets eller allmennhetens behov›.

Victor er ein av dei som fyller desse viktige behova. Sjølv seier 35-åringen at det går greitt å jobba om natta.

- Eg er van med å ikkje sova så mykje, så det går bra. Eg søv nokre timar før og etter skiftet.

Få etnisk norske kollegaer

Victor Obunga fortel at han prøver å tenka positivt når han går rundt innhylla i mørkret, stundom blant plagsamt fulle folk.

- Det er fint å tenka på at når eg kjem på skulen seinare, då veit eg at eg er ferdig på jobb for dagen.

For i tillegg til å jobba natt seks netter i veka, er han også fulltidsstudent.

Etter nattarbeidet rekk han få nokre timar søvn. Deretter ber det til biblioteket eller lesesalen på VID vitenskapelige høgskole, der han tek ein mastergrad.

Eg tenker spesielt på dei eldre som bur åleine. Avisa er livet for mange av dei.

—   Victor Obunga

- Mange internasjonale elevar i klassen har same jobb som meg. Det er få jobbar i Noreg for folk som ikkje kan norsk.

Sjølv snakkar han engelsk, men prøver å læra seg norsk på kurs og Youtube. Han kjenner ingen norske medstudentar som jobbar på natta.

- Norske studentar er meir individualistiske. Dei får støtte frå Lånekassen. Då treng dei kanskje ikkje jobba så hardt som oss internasjonale studentar.

Han anslår at berre ti prosent av dei som jobbar natt som avisbod, har etnisk norsk bakgrunn.

- Det er veldig få. Eg veit ikkje kvifor. Kanskje likar dei ikkje å stå opp om natta?

Fagrørsla slit med å rekruttera folk med innvandrarbakgrunn 

Ein av Victors relativt få norske kollegaer, er Jan Svenningsen. Han har vore avisbod i 20 år.

- Sidan eg starta, har det alltid vore ei overvekt av folk med utanlandsk bakgrunn. Arbeidsmiljøet er generelt veldig bra, men det kan bli litt klikkdanning etter nasjonalitet.

Han seier klubben har jobba mykje med å organisera utanlandske bod, spesielt dei som kjem frå Aust-Europa.

- Det var vanskeleg. Dei kjem frå land der fagforeiningane var styrt av staten. Me har brukt mykje tid på å fortelja dei kva ei fagforeining er i Noreg.

Han er kasserar i klubben til dei tilsette i Schibsted Distribusjon Øst. I selskapet jobbar det folk med 67 ulike nasjonalitetar. Likevel har berre 2 av 10 styremedlemmer i klubben, utanlandsk bakgrunn.

- Korleis blei det sånn?

- Det kan ha å gjera med kven som kjenner kven. Så er språket ei utfordring. Det er eit krav at ein må ha vore tilsett i to år før ein kan bli tillitsvald. Men me prøver å finna fleire dyktige tillitsvalde med innvandrarbakgrunn.

Venskap på tvers av dørstokken 

Sjølv om Victor Obunga ikkje snakkar flytande norsk, har han fått seg ein ven på andre sida av dørstokken. Han er i 80-åra og bur på Torshov, rett nord for Grünerløkka.

- Han har ein gamal hund. Dei er gamle begge to. Dei haltar.

Victor Obunga smiler når ha fortel om venen.

- Han likar å fortelja om då han jobba på bensinstasjon og om korleis Noreg var før. Me snakkar også om Kenya, landet der eg kjem i frå. Me pleier å gje kvarandre kort til jul.

Han finn fram eit enormt nøkkelknippe, og låser seg inn til ho som kanskje, kanskje ikkje, er ei eldre kvinne som er dårleg til beins.

Ho skal uansett få ferskt brød til frukost.

- Det å tenka på dei eg leverer til, er min største motivasjon. Det er viktigare enn løna.

Han merka spesielt kor viktig jobben hans er, då landet vart stengt ned.

- Då leverte me mat til folk som sat i koronakarantene, folk som ikkje kunne gå ut.

- Det er så mange som er avhengige oss. Nokre sit i rullestol, nokre er deprimerte og kjem seg ikkje ut, nokre kan ikkje gå i trapper, seier han.

- Dette er ein av dei viktigaste jobbane i Noreg.

Ein typisk innvandrarjobb

Trass alle folka Victor Obunga stiller opp for: Jobben som avisbod er også tung og gjev lite løn og prestisje tilbake.

Det er kjenneteiknet ved ein typisk innvandrarjobb, fortel Jon Rogstad, forskingsleiar i Fafo.

- Relativt enkle, manuelle jobbar har fått lågare status og løn, og færre vil ha dei. Men ikkje alle kan ta seg råd til å seia nei til slike jobbar.

Den aukande segregeringa i arbeidslivet uroar han.

- Me står i fare for å få eit A-, B- og C-lag i samfunnet. Problemet er at dei enkle, manuelle jobbane ikkje lenger er eit springbrett til andre type jobbar. Står du i oppvasken på eit hotell, aukar det ofte ikkje sjansen til å få andre jobbar på hotellet.

Samstundes peikar han på at innvandrarar er ei stor gruppe, ikkje minst mellom generasjonar.

Barn av innvandrarar har stor sosial mobilitet, og tek ofte prestisjefulle utdanningar.

Jon Rogstad håpar at fagforeiningane tek meir ansvar for å nå ut til folk med utanlandsk bakgrunn.

- LO-kongressen er framleis blendakvit, sjølv om det har blitt diskutert lenge. Det er ikkje nok at fagrørsla krev inn kontingent frå medlemmene, dei må også visa fram mangfaldige rollemodellar.

Vender snart heim 

I fire år har Victor Obunga snudd døgnet for å sørgja for at folk får avisa si på døra om morgonen. Til vanleg jobbar han rundt tre timar kvar natt, seks netter i veka.

- Eg har ein dag fri i veka. Då reiser eg ofte til familie som bur utanfor Oslo. Elles så går eg til kyrkjes, eg går i ei internasjonal gospelkyrkje.

No i sommar jobbar han litt ekstra. Når semesteret er i gang, kan utvekslingsstudentar berre jobba maks 20 timar i veka.

For å jobba seks netter i veka sit han igjen med mellom 12.000 og 15.000 kroner i månaden. Til samanlikning får ein norsk student rundt 11.000 kroner i månaden i stipend og gunstig lån frå Lånekassen. I tillegg kan dei jobba.

Victor klagar ikkje.

- Eg får betalt nok til å dekka husleiga og basisvarer. Slik kan eg ta vare på meg sjølv og ikkje vera ei byrde.
Planen hans er å reisa tilbake til Kenya og starta ein utviklingsorganisasjon. Derfor tek han ein master på programmet Community Development and Social Innovation.

-  Eg vil tilbake og hjelpa samfunnet eg kjem frå.

GJEKK DU GLIPP AV DESSE?

LES MEIR: I fjor vart Britt Ekhougen den første kvinnelege soknepresten i Ullsfjord. No som ho sluttar, seier soknerådsleiaren at dei heller vil ha ein mann.

LES MEIR: Blinde føler seg ensomme under korona. - Jeg har merket mer på ensomheten, spesielt når den fysiske kontakten blir borte

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Reportasje