Jussprofessor: «Ein kan ikkje sile vekk det som er ubehageleg»

Facebook-sida til Kjell Ingolf Ropstad blir moderert av statssekretæren hans, som sletter kommentarar og blokkerer folk. Jussprofessor sår tvil om praksisen er lovleg.

Reportasje

Klikkar du inn på Facebook-sida til barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF), finn du innlegg av både politisk og personleg karakter. Bilete av kona, barn og hytteoppussing dukkar opp saman med ein video der Ropstad intervjuar ei kvinne med ei dotter med Downs syndrom.

På sida introduserer Ropstad seg slik: «Jeg er barne- og familieminister fra Aust-Agder, og partileder i KrF. Hyggelig du vil følge meg!:-)»

Under innlegga kan folk skriva inn kommentarar eller trykka på «tommel opp».

LAS DU DENNE?: Ropstad snakker ut om nederlaget – dagen ble «et alvorlig tap»

Unntaket er aksjonisten Elisabeth Thoresen og eit ukjend tal andre. Thoresen leiar AAP-aksjonen, som protesterer mot innstrammingar i Nav-ordninga AAP som skal sikra sjuke og skadde ei inntekt.

Sidan mai i fjor har Thoresen vore blokkert på sida til statsråden. Det betyr at ho kan sjå, men ikkje kommentera innlegga.

Dagsavisen omtala i fjor korleis ho vart blokkert etter å ha skrive ein kritisk kommentar om AAP-kutt som fekk over 200 reaksjonar.

«I utgangspunktet permanent»

Statssekretær Julian Farner-Calvert (KrF) var den som blokkerte Thoresen og sletta kommentaren hennar.

Han stadfestar til Vårt Land at blokkeringa gjeld framleis. Han vil ikkje opplysa kor mange andre som er blokkert på sida til Kjell Ingolf Ropstad.

– Kvifor er Elisabeth Thoresen blokkert?

– Eg hugsar ikkje heilt, det skjedde i samband med den AAP-saka.

Farner-Calvert sa den gong til Dagsavisen at innlegg blir moderert enten fordi dei er ufine eller trakasserande, eller når dei er gjentakande og ikkje held seg til temaet.

Julian Farner-Calvert har ingen skriftlege notat om vurderingane som ligg bak kvar blokkering eller sletting av kommentarar.

 LES OGSÅ: KrF slettet kritisk innlegg om arbeidsavklaringspenger på Facebook

Han meiner å hugsa at blokkeringa av Thoresen kom av at ho dreiv med ein form for spam - der ein kjem med mange gjentakande innlegg som ikkje handlar om temaet som Ropstad tok opp.

– På Facebook-sida til Ropstad ligg det retningslinjer med debattreglar. Gjentekne brot kan føre til blokkering.

– Kor lenge varer denne blokkeringa av Thoresen?

– Den er vel i utgangspunktet permanent, vil eg anta. Me har ikkje oppheva nokon blokkeringar. Men om vedkommande vil følgje debattreglene, så får me gjera ein vurdering av det.

Bryt offentleglova

Jan Fridthjof Bernt, professor emeritus i jus og ekspert på forvaltningsrett, er skeptisk til måten Ropstad si side blir moderert på.

Han tek fram Grunnlova når Vårt Land ringer, og viser til paragraf 14, som omtalar rolla til statsekretærar.

– Statssekretærane blir utnemnt av Kongen - altså regjeringa - for å hjelpa statsrådane med deira gjeremål og handla på deira vegne. Kvar enkelt statssekretær er ein del av embetsverket ved departementet, og er ikkje ein personleg politisk rådgjevar for statsråden.

Han meiner det stiller strengare krav, enn om sida var moderert av ein politisk rådgjevar.

LES OGSÅ: Barneministeren om adopsjon: – Vi tar kritikken alvorlig

– Når ein slik kommunikasjonskanal inn til statsråden blir handtert av ein tilsett i departementet, då er det ein del av saksbehandlinga i departementet. Då gjeld arkivlova og offentleglova.

Statssekretærar er politisk tilsett i departementet. Arkivlova skal sikra at viktig forvaltningsmessig informasjon blir teken vare på, medan offentleglova skal sikra offentleg tilgang til slik informasjon.

 Så når ein statssekretær blokkerer, sletter kommentarar, og modererer ei Facebook-side, då gjeld offentleglova og arkivlova?

– Ja. Denne Facebook-sida går under begge desse lovene.

Bryt dermed statsråden offentleglova?

– Ja. Offentleglova gjev rett til innsyn i alle saksdokument så langt det ikkje er unntak frå dette i lova.

Saksdokument er «dokument som er komne inn til eller lagde fram for eit organ, eller som organet sjølv har oppretta, og som gjeld ansvarsområdet eller verksemda til organet».

– Forvaltningsorganet kan ikkje foreta nokon utsiling ut frå ei vurdering av innhaldet i det enkelte dokumentet.

Facebook-sida går under både offentleglova og arkivlova

—   Jan Fridthjof Bernt

Sikra informasjon

Jan Fridthjof Bernt har lest kommentaren til aksjonist Elisabeth Thoresen som vart sletta. Han meiner denne burde ha blitt arkivert.

– Hadde ho skrive dette som ein sms til statsråden, måtte departementet ha journalført det og arkivert det.

Det er eit innlegg i ein politisk debatt som statsråden har invitert til, og då kan ein ikkje sile vekk det som er ubehagelig eller kanskje er gjentaking av ting som er sagt før.

Han seier at målet med offentleglova er å sikra folk tilgang til informasjon som går inn til statsråden.

– Den praksisen me har fått, der ein behandlar offentlege Facebook-sider som private plattformar for politiske utspel, er svært uheldig. Ein må ha eit klart skilje mellom partipolitiske utspel og utsegn på vegne av departementet og regjeringa.

«Ei privat side» 

Statssekretær Julian Farner-Calvert er ikkje einig. Han meiner Bernt har ei «svært spesiell tolking av kva saksbehandling er».

– Sida er ei privat side. Den blir ikkje administrert av departementet. Dette blir handtert politisk, eg er ein del av den politiske leiinga. Statssekretær er ein politisk utnemnt embetsmann.

Han meiner det er eit vesentleg skilje mellom politisk leiing og embetsverk i departementet.

– Om nokon skriv noko på sosiale medium som fører til saksbehandling i departementet, så er det journalpliktig.
Han legg til at det på Ropstad si Facebook-side kjem fram at folk som vil ha ei sak handsama i departementet, må senda ein e-post til postmottaket.

Du får jo eit slags redaktøransvar, der du får bestemma kven som får snakka og kven som skal synast på Facebook-sida til Ropstad. Er det problematisk?

– Når ein opnar for kommentarar på sida, har ein også eit ansvar for å moderera. Det som er viktig, er at sida blir ein god kanal for veljarane til å bli kjend med politikaren og kommentere på aktuelle saker. Personar som avsporar diskusjonar og driv med aktivisme, bidreg til å øydelegga for dei andre. Men eg meiner også ein bør moderera minst mogeleg, seier han, og legg til:

– På veldig mange kanalar er det ikkje mogeleg å kommentera i det heile teke. Det er det ingenting gale med. Men det er bra å opna for kommentarar, for det bidreg til debatt.

Skal journalførast

For landbruks- og matminister Olaug Bollestad sin del, styrar ho mykje av eigne kanalar på sosiale medium, ifølge Elisabeth Løland som er kommunikasjonssjef i KrF.

– Det hender ho får bistand, men ikkje frå departementet, berre frå politikarar.

Ho vektlegg at det ikkje er ulike lovar for politiske rådgjevarar og statssekretærar.

– Det skal ikkje vera nokon snarveg inn til statsråd. Dersom det oppstår kommunikasjon innanfor ansvarsfeltet til ein minister, så vert det journalført, seier Løland.

LES KOMMENTAREN TIL ALF GJØSUND OM FORTAPING OG FRELSE: Fortapelsen er ikke noe Gud påfører oss, det er noe vi selv påfører oss og andre.

Inga oversikt

Statsministerens kontor (SMK) har inga oversikt over kor mange statsrådar som får hjelp av ein statssekretær til å moderere eigne Facebook-sider.

«Dei fleste regjeringsmedlemma har eigne Facebook-sider. Når statssekretærar og politiske rådgjevarar modererer sidene til sin statsråd, skjer dette i rolla som partipolitikar og ikkje som tilsett i departementet», skriv kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse i ein e-post til Vårt Land.

Møter veggen hjå KrF

Elisabeth Thoresen i AAP-aksjonen seier ho gjerne vil at blokkeringa skal opphevast. Men ho veit ikkje heilt korleis det skal skje.

– Eg veit ikkje ein gong kva reglar eg har brote. Eg har ikkje fått noko beskjed om kvifor eg er blokkert.

– Statssekretæren trur du vart blokkert fordi du dreiv med spam, der du legg ut innlegg der du gjentek deg sjølv og ikkje held deg til tema. Stemmer det?

– Det opplever eg ikkje at stemmer. Eg kopierer ikkje det eg skriv og limer inn. Bodskapen min er den same, men ikkje kommentarane.

Thoresen har sett på KrF som det partiet på borgarleg side som mest opptekne av sårbare grupper. Derfor har aksjonsgruppa følgt spesielt med på partiet.

– Men eg får aldri svar når eg skriv meldingar eller taggar KrF i spørsmål på Facebook. Eg opplever at dei berre er opptekne av å kommentera positive innlegg, seier ho.

Etterlyser eit klarare skilje

Arne Jensen i Norsk Redaktørforening har klikka seg inn på Facebook-profilen til Kjell Ingolf Ropstad. Den kommenterer han slik:

– Her var det heilt klart ein miks av ting, seier Jensen.

– Det er ikkje noko i vegen for at ein statsråd har ein Facebook-profil som både har personleg og politisk innhald. Det som kan bli problematisk, er dersom Facebook blir brukt på ein måte som sklir over i saksbehandling, om en statsråd får førespurnadar i kraft av rolla si som statsråd, ikkje privatperson eller partileiar.

– Ein kan til dømes sjå for seg at ein leiar i ein organisasjon vender seg til statsråden på ei Facebook-side og ber han om å ta initiativ i ei sak. Då vil innlegget måtte oppfattast som eit saksdokument. Dersom statsråden svarer som statsråd, meiner eg at det må journalførast. Då kan heller ikkje innlegget slettast, sånn heilt utan vidare.

– Tenkjer du at det er problematisk at statsrådar bruker Facebook som kommunikasjonsmedium?

– I utgangspunktet er eg positiv til at statsrådar bruker sosiale medium, så lenge dei også stiller opp for dei redaktørstyrte media.

Takhøgd for samde og usamde

Jensen meiner ar dersom politikarar brukar ein profil på sosiale medium til å fremja politikk, bør takhøgda væra stor, både for folk som er samde og usamde.

– Dersom ein statsråd deler politiske meiningar, bør dei også være til stades i kommentarfelta, meiner Jensen.
Generalsekretæren viser til at statsråd er ein konstitusjonell rolle, som det er mange strenge regler for.

– Eg har forståing for at det er vanskelig å vera politikar, og at ein gjerne vil bruka sosiale medium til å diskutera politikk. Men dei bør skilja på ulike typar innlegg, eller så er det lett for at dei surrar det litt til for seg sjølv.

• LES MEIR

•  Kjære KrF! Det er ikkje meg, det er deg

•  KrF-statsråd: – Pridemarkeringen er viktig for mange mennesker i hele verden

Bollestad, humlene og den store sammenhengen

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Reportasje