Les alt for bare 10 kr!

Flanellografen er ikkje død

Kvar vart flanellografen av? Vi har snakka med barnehagetilsette som framleis brukar den magiske filten

Publisert 03. august 2020

Flanellograf er eit framandord for nokre, eit nostalgisk hopp tilbake i tid for andre. Du hugsar kanskje den mjuke filttavla frå søndagsskolen, der små figurar av Jesus og esel og palmar på magisk vis hang fast mens historier frå Bibelen vart fortalte.

Kvar vart flanellografen av?

Ut av skolen

For å svare på det, må vi gå tilbake i tid.

Flanellografen kom på 50- og 60-talet og erstatta dei gamle plansjane som var i skolen før dette. Han vart brukt i alle klasse­trinn, til og med i gymnaset. Men tidane endra seg, nye læremiddel kom inn.

I staden fekk flanellografen eit langt liv ein annan stad: I søndagsskolane. Her var han i bruk heilt fram til 2000-talet. Da ­begynte søndagsskolane å ta i bruk digitale verkemiddel.
Men har flanellografen fått ein renessanse?

I så fall er ikkje Svein Helge Bergfjord, styreformann i Norsk bedehusmuseum, overraska.

– Med flanellografen får du ­engasjert barna på ein heilt annan­ måte. Dei som under­viser på søndagsskolen ser at det digitale­ berre er eit substitutt, du får ikkje den gode kontakten med barna ved å bruke skjerm.

ANNONSE

Logg inn for å lese videre

eller

Ikke abonnent?

Nå kan du lese Vårt Land digitalt i 10 uker for 10 kr*

10 uker - 10 kr

*Abonnementet er løpende og kan sies opp når som helst. Etter prøveperioden fornyes det automatisk til rabattert pris kr 199 per måned.

Les også