Les alt for bare 10 kr!

«Eg er alt politisk død»

Bergfrid Fjose var med i hemmeleg kvinnenettverk. KrFs første kvinnelege stortingsrepresentant kjende seg ikkje verdsett i partiet, fortel barna hennar.

Publisert 16. juli 2020

Mange hugsar Bergfrid Fjose for øknamnet «Fjosepose». Den grå posen utan logo eller tekst vart innført av Vinmonopolet på den tida ho var sosialminister. Slik kunne drykken skjulast frå blikket til forbipasserande.

Bergfrid Fjose passar inn i mange konservative stereotypiar: Ho var ei fråhaldskvinne og abortmotstandar frå Vestlandet i tekkeleg drakt og med praktisk permanent. 

Men arkivmateriale frå kvinnesakspioner Berit Ås viser at Bergfrid Fjose hadde fleire sider.

Ei oversikt viser at Fjose var ein av 19 medlemmer i «kyrkjegruppa» i Kvinnepolitisk Aksjon. 

LES MEIR: Berit Ås starta hemmeleg, tverrpolitisk kvinnenettverk

Fjose deltok på konferansar i regi av gruppa og signerte brev til NRK-sjefen der ho og tre andre aksjonistar bad om eit møte for å diskutera «Kvinnenes partilederprogram».

Saman i kampen mot atomvåpen

Berit Ås fortel korleis ho hanka inn KrF-representanten Bergfrid Fjose.

– Eg kom inn på kontoret og spurte om å få tre kvarter av tida hennar. Eg kom saman med Marie Borge Refsum frå Høgre, som eg danna Kvinnepolitisk Aksjon med. Me fortalte om korleis me arbeidde, og at alt måtte vera hemmeleg.

Kvinnesaksbautaen Berit Ås og KrF-aren Bergfrid Fjose kjente alt godt til kvarandre. I 1970 var dei med å danna Kvinneaksjonen mot EEC.

EF-striden var for Bergfrid Fjose tett kopla saman med kampen mot atomvåpen. Ho meinte det var ei «hån mot skaparen å konstruera våpen som skulle legga jorda øyde».

ANNONSE

Logg inn for å lese videre

eller

Ikke abonnent?

Nå kan du lese Vårt Land digitalt i 10 uker for 10 kr*

10 uker - 10 kr

*Abonnementet er løpende og kan sies opp når som helst. Etter prøveperioden fornyes det automatisk til rabattert pris kr 199 per måned.

Les også