Les alt for bare 10 kr!

Ein muslim søker nattverd

Muslimske Razwan Afsar ønskjer å ta del i den kristne nattverden. Ikkje for å søke frelse, men for å minnast Jesus på tvers av religionar.

Publisert 25. juli 2020

– Det handlar ikkje berre om å ha rett tru. Det handlar om at ein kjem sjølv, og at Jesus er for alle, seier Razwan Afsar (28).

I ei fersk masteroppgåve ved Det teologiske fakultet i Oslo (TF) utfordrar Afsar oppfatninga av nattverden som eit ritual eksklusivt for kristne. I oppgåva, som har fått tittelen «En muslims bekjennelse av nattverd», drøftar han i kva grad det er mogleg for han som muslim å delta i det kristne nattverdsfellesskapet som minnast Jesus ved å drikke vin og ete brød. Er det mogleg å knele ved altarringen og ta nattverden utan å overgi seg til ei kristen tru?

– Eg har alltid vore opptatt av mystikk og nestekjærleik, seier den praktiserande muslimen. – Og for meg har Jesus vore kjærleiksidealet.

Alle kan komme til Jesus. Men kyrkja har regulert tilgangen til han.
Den norske kyrkja har som utgangspunkt at nattverden er for alle døypte. I praksis er dåpen likevel ikkje eit absolutt krav. Dette har Afsar merka seg.

– Og er det eigentleg rett å bruke dåpskriteriet for deltaking i eit måltid som Jesus sjølv innstifta, spør han.


LES OGSÅ: Min tro-intervjuet med Anne Hege Grung: Rettferd for alle

ANNONSE

Logg inn for å lese videre

eller

Ikke abonnent?

Nå kan du lese Vårt Land digitalt i 10 uker for 10 kr*

10 uker - 10 kr

*Abonnementet er løpende og kan sies opp når som helst. Etter prøveperioden fornyes det automatisk til rabattert pris kr 199 per måned.

Les også