– Ingen i gjengen besøker deg i fengsel

Dei drøymte om å bli politi, skodespelar og kampsportutøvar. I staden enda dei i gjengar, og eit liv med kriminalitet, rus og vald. Kampen for å kome ut, var tøff og einsam. No kjempar dei han i lag med andre.

Reportasje

Valdskriminaliteten aukar i Noreg, og gjengane rekrutterer stadig.

Barn, mange berre 13 år, blir lokka av spenninga og det sterke fellesskapet. Men kicket og samhaldet får ei bakside for mange.

Tenåringar ser kameratar bli skotne, får drapstrugslar og lever i paranoia for politiet. Men inni gjeng-bobla er livet utanfor usynleg, usannsynleg og utilgjengeleg.

Likevel har nokon klart å kjempe seg ut. Saman med KFUK-KFUM startar Mikael, Shahid, Christian og Shad eit nasjonalt program som skal hjelpe dei som vil bort frå gjengane.

Dei har alle oppdaga at livet på «andre sida» var verdt det. Slik fann dei vegen ut.

Eit forsvarstalent på skråplanet

På slutten av nittitalet tenestegjorde Mikael Niaz Ali for Forsvaret i Kosovo. Han meistra oppgåvene, fekk gode skussmål, og såg at dette var til hjelp. Å gå politihøgskulen føltes som eit riktig steg tilbake i Norge. Fordi han hadde droppa ut av vidaregåande, måtte han ta opp fag.

Men då kjærasten hans døydde, punkterte planane.

– Det rakna, rett og slett. Det var ingen som tvang meg inn i gjengen, men i denne perioden byrja eg å drikke meir, og etterkvart blei det til kokain, steroider, og så balla det på seg. Eg traff miljøet då eg var på ein destruktiv plass.

Dødsfallet var utløysande. Men søket etter fellesskap oppsto ikkje frå ingenting.

– Eg var nok på jakt etter ein identitet. Eg sakna eit samhald og mangla vel ei kjensle av å bli sett og høyrt.

– Då eg var yngre, blei eg mobba. Som halvt pakistansk møtte eg rasisme og utanforskap. Eg hang etter på skulen, og fekk vel aldri heilt grep om kven eg var. Det visste eg framleis ikkje då eg fann tilhøyre i gjengmiljøet.

Mot døden

Niaz Ali starta som løpegut. Men med våpenkunnskapen hans frå militæret, og med psykisk og fysisk styrke steig han i gradene.

– Jo fleire grenser du trør over, jo vanskelegare er det å kome tilbake. Du ser vener bli drepne og har alltid politiet etter deg. Rusen og valden gjer deg trongsynt og nummen.

Planar for framtida hadde han ikkje. I barndommen drøymde han om å bli fotballspelar, men etterkvart var det ingen grunn til å ønske seg eit liv utanom gjengen.

– Du gir så totalt f***. Du ønskjer nærmast berre å døy. Sånn sett blei eg ein livsfarleg og utmerka gjengkar. Eg var rusa, bevæpna, valdeleg og full av steroider.

– Utan det visste eg ikkje kor eg høyrde til. Viss eg ikkje lenger er stor og sterk, kven er eg då?

LES ÒG: De valgte bort sin egen sønn. Så valgte de å begrave ham

Den smale sti

2007 var året kor livet tok ei ny retning. Mikael Niaz Ali sto framfor ein dom på tolv år for drapsforsøk, men blei frikjent i lagmannsretten.

Politiet anka. Så venta 13 månadar i eit vakuum før saka skulle bli tatt opp igjen.

Då blei kjærasten hans gravid.

– Dette var sjansen. Blei eg frikjent, hadde eg ein motivasjon til å kome meg ut.

– Eg forsto at eg hadde tre moglegheiter viss ikkje: Eg kunne bli drepen, få forvaringsdommen eller havne i psykiatrien eller ta overdose.
Med eit barn på gang, var det uaktuelt. Men vegen ut av gjengmiljøet måtte han navigere heilt åleine.

– Det var ein hard kamp for å få hjelp. Eg prøvde å finne folk, men det var liksom ingen som hadde gått den vegen før. Dette er så komplekst og har element av trugslar og rus – og utanforskap.

Han starta hos fastlegen. Så følgte psykolog og Alternativ til vold. No har han oversikt over det meste av både problem og ressursar som kjem når du bryt ut av ein gjeng.

– Eg får litt gåsehud når ungdom tar kontakt med meg på Facebook. Då tenkjer eg «yes, her har dei funne meg». Eg ønsker så sterkt å gjere hjelp tilgjengeleg for dei som vil ut. Det er så sterkt når dei, og me, faktisk få det til.

Svikta familien – likevel stilte dei opp

Samtidig som kona og barna sat heime, farta han gatelangs i Oslo med «brørne». Rasool gjekk, som gjennom ei svingdør, inn og ut av fengsel på åtti- og nittitalet. Eitt år, to år. Og så var det ut til gjengen igjen. Men brått sto han overfor ein dom på tolv år.

– Men då eg sat inne, var det ingen frå gjengen som kom og besøkte meg. Eg hugsar mamma kom og besøkte meg og spurde, kor er alle desse «brørne dine no»?

Det fekk han til å tenke. Så mykje tid han hadde brukt med «brørne», og så lite med barna. Dei var ni, åtte og fire år.

– Eg hadde svikta mine eigne, dei som betydde mest. Og trass i kor lite tid eg hadde brukt på dei, var det dei som stilte opp for meg i tida i fengsel.

Med den åpenbaringa bestemte han seg for å bryte med miljøet for godt. Men kort tid etter at han slapp ut, kom folk frå gjengen og ville ha hjelp.

– Då tenkte eg: Kor var de då eg sona i tolv år? Og no vil de at eg skal opp for dykk?

– Det brorskapet er så falskt. Det er ikkje noko venskap. Og det seier eg til alle dei unge eg møter: Dei som stiller opp når du treng det, er dine eigne.

LES ÒG: Akkurat da Nina Finanger tenkte at sønnen hennes hadde funnet retningen i livet, mistet han livet

Inni ei boble

Alle bryt ut i latter når Rasool sin telefon ringer. Lyden av ein politisirene uler frå bukselomma hans.

– Eigentleg er det litt greitt å ha lyden som minner om den tida der, ler han.

«Den tida» skildrar han som i ei boble. Samfunnet der ute var irrelevant. Det kriminelle var kult – og jo meir han gjorde, jo meir stadfesting fekk han frå dei rundt.

– Til slutt står ein der og skyt mot eit menneske, og dei andre står og heier og ropar «bra, bror».

Etter å ha sona i tolv år, var det ingen som tok imot han med flagg, seier han og ler.

– Når eg treffer dei unge gutta no, og det nyleg har skjedd eit drap, spør eg dei: Kven er det som går til grava? Kven hadde besøkt deg i fengsel? Det er ikkje kameratar, det er familien.

Mykje av hjelpa tar utgangspunkt Rasool sitt treningssenter Fighters Gym. Der henger mange av ungdommane som lever i grenseland, og som «bror» eller «onkel» prøver han å gi dei motivasjon, jobbar – og viten om at eit anna liv kan vere betre.

Skodespelaren som blei skada

Etter fleire år som dørvakt i Oslo, sto Wold overfor sitt livs sjanse. I 1996 sette han seg på flyet til New York, kor han hadde fått ei rolle i eit «off-Broadway»-stykke, eit profesjonelt teater. Med ein agent på laget følte han at han var på veg til å slå igjennom.

Men kroppen ville det ikkje så vel. Wold fekk prolaps i ryggen, måtte tilbake til Norge for å operere, og kunne ikkje sitte oppreist på seks veker. Men då Wold troppa opp hos agenten igjen, fekk han ein skjebnesvanger beskjed:

Kom tilbake om eit halvt år.

– Då rakna mykje. Eg blei veldig bitter.

Så sette han seg på eit fly heim til Oslo og vendte tilbake til utelivet.

– Festinga og rusen var lokkande. Det hjalp meg å gløyme kor skuffa og bitter eg faktisk var.

Kvardagen blei meir og meir hektisk. Han jobba, men festa minst like mykje. Til slutt satt han på eit veldig nettverk, som eit spindelvev, som han seier. Han hadde kontaktar i alle slags kriminelle miljø og slutta å jobbe.

Eg ga meg hen til å leve utanfor samfunnet, på ein måte

—   Christian René Wold

Å finne seg sjølv igjen

I løpet av fem år i underverda blei Wold berre tatt av politiet to gonger. Men etterkvart forsto han at det likevel sto noko på spel. Han hadde levd i miljøet så lenge at det tok tid å overtale seg sjølv om at eit nytt liv kunne bety meir.

– Eg hadde fått eit barn, og seier til henne at det var ho som redda livet mitt. Gjennom henne fekk eg eit håp om at livet kunne bli annleis. Eg var nødt til å ta grep.

Han starta med å kutte kokainen – heilt på eigenhand. Etter jobben som dørvakt forsto han at han var god på menneskelege relasjonar og til å løyse ting utan vald og konflikt. Yrket sosionom lokka han til Høgskolen i Oslo, kor han blei ferdig utdanna i 2013.

– Gjennom studiet og det eine året i fengsel fann meg sjølv igjen. Eg trong rutinane det gav. Eg har alltid vore glad i å lese og fekk endeleg lese masse igjen.

Dei siste åra har han gitt ut ein trilogi om den kriminelle underverda i Oslo. Wold legger ikkje skjul på at hovudpersonen Kiran kan ha vore igjennom mykje av det same som han sjølv. Ei fjerde bok er på gang.

Leiartalentet ingen hadde trua på

Han kallar seg «ein av drittungane» frå bydelen. Allereie i ein alder av 21 år har han vore ute av miljøet ei stund. Med andre ord starta han tidleg, 13 år gammal. Hussein er litt tilbakehalden med å skildre konkret kva han har vore med på, men det var «alt for mykje for alderen min».

– Du veit, hærverk, slåsting og andre dritt-ting som drittungar finn på.

– For å vere heilt ærleg: Det eg hadde gjort så langt var ikkje mykje å vere stolt over. Eg var nok ganske moden, og ville ha ei endring. Men eg trong hjelp til å sjå vegen vidare.

Så møtte han Christian Rene Wold. Utan han ville nok aldri Shad Ibrahim Hussein blitt kåra til ein av landets mest lovande unge på Dagens Næringsliv si «30 under 30»-liste.

Wold skaffa Hussein hans første sommarjobb – reinhald, maling og renovasjon. Møtet mellom dei to sette fart på tankane om framtida. Hussein forsto at han brann for noko, at det fantest oppgåver for han.

Det fantest ei meining

– Viss det berre finst éin Christian der ute, så må det kome ein til, tenkte eg. Eg trong han for å kome meg framover. Den vegen vil eg vise andre no.

Hussein gjorde det bra på sommarjobben. Først blei han vekas tilsette, så månadens. På hausten fekk han jobb på ein ungdoms- klubb i bydelen – med eitt krav: Han måtte halde seg unna bråk.

– Plutseleg hadde eg pengar i lomma og noko eg meistra. Med jobben byrja det å løsne. Du veit når du er på jobb i tolv timar utan å ete eller sjå på klokka? Og tar deg sjølv i å berre smile av ingenting? Då er du inne på noko riktig.

I løpet av hans første år på vidaregåande gjekk Hussein frå eit karaktersnitt på 3,8 til 5,2. Og sidan har det gått oppover. 20-åra har blitt meir hektiske enn 13-årige Hussein kunne drøymt om.

Men sjølv med økonomistudier, leiaroppgåver i Forandringshuset og Skamløst nettverk og jobben i eldreomsorga brukar Hussein tid på å hjelpe ungdommar på skråplanet.

Han drøymer om å «ta over verda», fyren som for få år sidan knapt hadde ofra framtida ein tanke.

– Eg ser for meg å starte ei bedrift eller styre eit konsern. Eg funne min grunn til å leve: Entreprenørskap.

– Men eg kjem alltid, anten på fritida eller på jobb, til å ville hjelpe folk. Det hjelper nok meg nesten like mykje som det hjelper dei.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Reportasje