Logg inn

I djupet av tonane

For den russiske komponisten Sofia Gubaidulina er det å komponere ei religiøs skapingshandling som dannar ein forbindelse mellom Gud og menneska.

Den verdskjende komponisten Sofia ­Gubaidulina, som no er blitt 85 år, var ein av hovudattraksjonane under Olavsfestdagene i Trondheim for to veker sidan, der to av verka hennar vart framførte i Nidaros-domen. Fachwerk var spesialbestilt til festivalen, og Über Liebe und Hass («Om kjærleik og hat») vart ferdigstilt i fjor. «Det er ei eksistensiell kraft over henne», skreiv arrangørane i festivalprogrammet.

Vårt Land møtte henne til intervju på festivalhotellet i sentrum av byen.

Overstadig begeistring

Vi ventar i foajeen då den store komponisten kjem ut av heisen i ein ­liten skikkelse, leidd av musikkforleggaren. Ho er ustø og kan ikkje gå trapper lenger, får vi beskjed om, men ho smiler og helsar oss god dag på tysk. Foajeen er travel med festivalfolk og eit høgt lydnivå, så vi finn oss ein krok med utsikt over Nidelva. Gubaidulina tar plass i ein lenestol, men sit likevel framoverbøygd når ho snakkar. Ho har mykje på hjartet.

– Det er det mest spennande ved å vere komponist, og det er dei augneblinka eg ser tilbake på, der musikken min blir tolka, seier Gubaidulina, som ei forklaring på kvifor det var viktig for henne å kome til Trondheim.

Prøv oss gratis i tre uker

Fyll ut med norsk mobilnummer og en e-postadresse.

Eller se flere abonnementsalternativer

Når du klikker «bestill» må du opprette en bruker som du benytter for å logge inn på ulike enheter. Dersom vi ser at du har en bruker med samme mobilnummer registrert bruker vi denne. Abonnementet stopper automatisk etter tre uker.

Les også