Les alt for bare 10 kr!

Då Trygve Skaug vart kalla ein hyklar, slutta han som lovsongsleiar

– All ære til dei som ber den merkelappen, for det er eit stort ansvar, seier poeten.

Publisert 26. april 2020

11 år gamle Trygve sit i eit skur bak huset i Båstad. Storebroren, som nettopp er komen heim frå bibelskule, kjem ut bakdøra. Han tenner opp eit bål der familien brukar å brenne kvistar og slikt når dei skal rydde rundt huset.
Trygve seier ingenting, rører seg ikkje. Broren går inn i huset og kjem attende med hendene fulle av plater. Han kastar dei på bålet. 

Trygve sperrar opp auga.

Idet broren går inn for å hente meir, smett 11-åringen fram frå gøymestaden og plukkar raskt og forsiktig ut dei covera han tykkjer er finast. Count Basie, Toto, David Foster.
Han spring tilbake til skuret og ventar. Framfor han går mesteparten av Trøgstads største platesamling opp i røyk.

Trygve Skaug smiler då han fortel om episoden, 25 år etter. Mange av platene han redda frå flammene, er han framleis veldig glad i. Han skildrar kjensla som ambivalent, der han sat som 11-åring og gøymde seg for «broderen».
– Broren min meinte denne musikken var djevelens verk, og eg gjekk og tok dei med inn att i huset. Dette var cd-ar som eg høyrde på i smug, på discmanen min på rommet mitt. Eg torde ikkje å vise det til han, for han var veldig tydeleg på at han skulle brenne og knekke dei. Noko han angrar som ein hund på i dag.

Han fortel om timar med jazz og Jean-Michel Jarre på øyrene. Det var mykje «psykedelisk synth», som han uttrykker det.
– Det kjendest ut som eg sat på guterommet og rusa meg med Satans verk, seier han og held seg rundt øyrene og snurrar på hovudet.
Han smiler.
– Du let deg ikkje påverke av bror din?
– Nei, det var jo så fin musikk! Eg fekk desse platene gratis utan at nokon visste om det. Med litt røykskadar, men likevel... Eg redda dei ut av helveteselden, på ein måte.

ANNONSE

Logg inn for å lese videre

eller

Ikke abonnent?

Nå kan du lese Vårt Land digitalt i 10 uker for 10 kr*

10 uker - 10 kr

*Abonnementet er løpende og kan sies opp når som helst. Etter prøveperioden fornyes det automatisk til rabattert pris kr 199 per måned.

Les også