Les alt for bare 10 kr!

Novellesamlinga til Caroline Albertine Minor er jamn og perfekt som eit egg ein kriblar etter å knuse

Under den nøytrale, preglause overflaten på boka Velsignelser oppdagar ein stor litterær rikdom.

Publisert 15. mars 2020

Allereie i det eg opnar boka, og ser forfattarportrettet av danske Caroline Albertine Minor, kjem eg på kvifor noveller ofte ikkje er den sjangeren eg føretrekk å lese. Det er noko reint og elegant over kombinasjonen av den kvite bakgrunnen og den kvite, lytefrie huda, det symmetriske ansiktet, det oppsette håret. Berre den einslege øyreringen i sølv, plassert i hjørnet av øyret heller enn i flippen, vitnar svakt om det skeive, det avvikande, som også gjerne høyrer novella til.

Og heldigvis – når ein kjem under Velsignelser si nøytrale, preglause overflate oppdagar ein at tekstdjupet rommar stor litterær rikdom.


Sex og frustrasjon

Ved starten av lesinga ligg forfattarportrettet som ei transparent maske under setningane i fyrste novella: «Villages de France». Stilen til Minor er knapp og konstaterande, stillferdig, presis. Den unge kvinna som er hovudperson i teksten dekker på bordet, dekker av bordet, vaskar opp, ventar på at far hennar skal døy og har analsex, utan at stilleiet endrar seg nemneverdig. Kanskje ho er autist? spør eg meg sjølv på eit tidspunkt.

Men denne mistanken er heller eit utslag av forteljekoden i Velsignelser, enn av dei mulige diagnosane til personane i den. Vi får vite kva dei gjer, kva dei seier, innimellom også kva dei tenkjer, men ikkje kvifor. Det er frustrerande! Det er frustrerande, og heilt på sin plass når ei god novelle fungerer, at ein ved slutten av kvar tekst må bla tilbake, på jakt etter subtile spor etter svara ein ikkje fekk. Kvifor henger ungjenta Anso seg i den australske vertsfamilien sin hage? Kvifor forsvinn familiefaren Benjamin frå kjærasten sin og den to år gamle dottera deira? 


ANNONSE

Logg inn for å lese videre

eller

Ikke abonnent?

Nå kan du lese Vårt Land digitalt i 10 uker for 10 kr*

10 uker - 10 kr

*Abonnementet er løpende og kan sies opp når som helst. Etter prøveperioden fornyes det automatisk til rabattert pris kr 199 per måned.

Les også