Les alt for bare 10 kr!

Alexandra Gjerpen ville ikkje vere redd for det som er vondt. Så døydde faren

- Då hadde eg vanskeleg for å vere med meg sjølv, fortel skodespelaren.

Publisert 02. februar 2020

– Det første eg tenker er at det skal stå «Skål!». Men det er jo heilt ute! Eg kan ikkje seie skål i Vårt Land.

Alexandra Gjerpen gøymer ansiktet i hendene. Så, plutseleg, dreg ho hendene gjennom det blonde håret. Himlar med auga av seg sjølv.

Ho har nettopp blitt spurt om kva som skal stå på gravsteinen hennar.
– Då eg konfirmerte meg, snakka presten mykje om evig liv. Og eg sat der og tenkte: Men det betyr ingenting for oss no. Kva kan religion og tru gjere for oss i dag?

Ho smiler, litt brydd.
– Eg er ein veldig spontan person. Det er kanskje derfor eg tenker «Skål!». Så håper eg, når eg er gammal og grå... Og kul, forhåpentlegvis. At eg greier å kom på noko mykje betre. Kjære vene.

Stort ansvar

Ho blir litt sveitt av å snakke om tru, skodespelaren frå Sandnes. Det er så mange store ord.

No sit ho på Kulturhuset i Oslo, ein måndags føremiddag, med eit godt grep rundt kaffikoppen. Ho har nettopp fylt 35 år. Og endeleg er draumen blitt sann: Ho er skodespelar og er gradvis blitt eit kjent fjes for norske tv-sjåarar.

ANNONSE

Logg inn for å lese videre

eller

Ikke abonnent?

Nå kan du lese Vårt Land digitalt i 10 uker for 10 kr*

10 uker - 10 kr

*Abonnementet er løpende og kan sies opp når som helst. Etter prøveperioden fornyes det automatisk til rabattert pris kr 199 per måned.

Les også