Dette orkesteret gjev ungdommar som Adriel ein sjeldan sjanse til eit anna liv

Astrid S er ikkje åleine – fleire artistar har forelska seg i gjengen som vil spele for å glede andre.

Reportasje

- Musikk har gjeve meg eit anna perspektiv på livet, smiler Kelvin medan han pakkar celloen sin inn i eit brasiliansk flagg.

Saman med veslebror sin, Adriel, er dei på veg til musikkøving med orkesteret Camerata Laranjeiras - eit orkester med ungdom frå alle sosiale klasser i Rio de Janeiro.

- Eg meiner, når du veks opp her i Favelaen har du ofte berre to val, enten drive med fotball og kriminalitet eller prøve å komme deg inn i eit vanskeleg arbeidsliv. Musikken har gitt meg ein tredje mogelegheit.

Musikk som reise

Dei dultar borti kvarandre, slik brødre gjer og skal gjere. Flirer beskjedent, sjølv om ryktet av at dei to er kommande stjerner har spreidd seg langt over nabogrensa. Dei er ute i god tid, veit at i Rio kan trafikken brått stå stille i fleire timar om ein er uheldig. Øvingane ligg ofte eit stykke unna, på ein nøytral stad i byen. Ikkje for rikt, ikkje for fattig. Her samlast over tretti ungdom ein gong i veka for å øve inn alt frå groovy hits til klassiske stykker.

- Ofte når eg er i tvil eller stressa hjelper musikken meg. Det er som at eg er på ei slags reise og forsvinn frå kvardagen. Spelar me musikk frå Tyskland, latar eg som at eg er i Tyskland, eg ser for meg jorder og fjell, seier Kelvin.

I januar skal dei, saman med resten av orkesteret, til Norge og spele på Nordlysfestivalen i Tromsø og på Oslo konserthus. Dei jobbar intenst no.

Mellom Oslo og Rio

Camerata Laranjeiras vart danna i 2013 av Kaja Fjellberg Pettersen saman med ekteparet Tiago Cosmo frå Brasil og Karolin Broosch frå Tyskland. Saman har dei reist mellom Oslo og Brasil for å spele, undervise og jobbe for at orkesteret kan spele på fleire internasjonale musikkfestivalar. Med seg har dei hatt kollegaene til Kaja i Oslo Strings. Også Daniel Kvammen, Pål Flaata, Sivert Høyem, Jan Eggum og Sigrid Moldestad har spelt med orkesteret på forskjellige konsertar.

- Målet vårt var å motivere barn og unge via musikk til å følge draumen og finne sin veg. Det fanst allereie mange sosiale prosjekt i Rio, kor musikarar går inn i favelaer og lærer barn og unge klassisk musikk i orkester, me ville gjere noko anna, seier Fjellberg Pettersen

Uvanleg blanding

Dei laga difor ein modell kor det ikkje har noko å si kor ein kjem i frå. Her møtest ungdom frå alle forskjellige samfunnsklasser. Ein ganske uvanleg blanding i Brasil, der ein normalt er med dei som er i same situasjon som seg sjølv. Dei rike med dei rike, dei fattige med dei fattige.

---

Camerata Laranjeiras

  • Eit orkester med ungdom frå alle sosiale klasser i Rio de Janeiro
  • Vart danna i 2013 av Kaja Fjellberg Pettersen saman med ekteparet Tiago Cosmo frå Brasil og Karolin Broosch frå Tyskland.
  • Dei spelte i Tromsø 25. januar, og 31. januar spelar dei i Oslo konserthus saman med Oslo Strings.

---

- Me vil at Cameratas skal vere eit møte i musikk, og spelar ei blanding av musikk. Samtidig vil me også at det skal vere ein møtestad for forskjellige klasser og forskjellige kulturar, smiler ho.

Det har blitt lagt merke til. Orkesteret har nett fått ei treårig avtale med Hydro og Aker Solution via akseleratorprogrammet Social StartUp, eit program støtta av blant anna Innovasjon Norge, Deloite, Sopra Steira, Ferd Sosiale Entrepenører og den Brasilianske Ambassaden i Norge. I tillegg har nordmannen Kjetil Solbrække, som bur i Brasil, vore ein støttespelar då han åpna heimen sin slik at dei har hatt ein stad å øve.

Som ein familie

I kveld er det den tyske skulen i Brasil som er øvingslokalet. Musikarane i Camerata Laranjeiras finn fram notene til «Baby Shark» og ler medan dei varmar opp til Beethoven.

- I Camerata er me meir enn eit orkester, me er som ein familie. Det er vanskeleg å forklare, ein må på ein måte oppleve det, fortel Adriel entusiastisk.

Kelvin nikkar einig, fortel at når Kaja, Tiago og Karolin gjer dette med hjarte og ikkje for pengar, spelar dei også meir med hjarte. Dei gjer det for musikken og får ei glede dei kan dele saman.

- Også er det veldig fint å vere to brødre, særleg når me skal ut og reise, seier Kelvin.
- Ja, som brødre kan me jo hjelpe kvarandre. Men samtidig, det er irriterande når Kelvin skal øve og eg berre vil sjå på Netflix, ler Adriel.

Sjå video - Adriel blir sett på som eit supertalent:

Frå Favelaen til Astrid S

Det er ikkje berre enkelt å vere musikar i Brasil om dagen. Eit år etter Bolsonaro vart valt som president er fleire musikkprogram, så vel som sosiale hjelpeprogram lagt ned. Forskjellane mellom folk, som allereie var store, er blitt større. Mange som veks opp i dei fattige Favelaene, slik som Adriel og Kelvin, har få moglegheiter. Drap, vald og narkotikakriminalitet er ein del av kvardagen.

Camerata Laranjeiras er ein fristad for mange, men også ein veg vidare. I løpet av dei siste fem åra har orkesteret spelt over 500 konsertar, frå Nationaltheatret i Oslo til metroen og marknadar i Rio, over 100 ungdommar har vore innom prosjektet, fleire av dei har komme inn på vidare utdanning som Berklee i USA, og ei spelar dessutan på turnèen til Astrid S!

Som brødre kan me jo hjelpe kvarandre

—   Adriel

Vil spre glede

- Ein kan mislike ein song, men ingen hatar musikk, smiler Adriel, og fortel om konsertane dei spelte i Tyskland i fjor. I tillegg til det offentlege programmet spelte dei ein kveld for flyktningar som befann seg på andre sidan av eit gjerde.

- Å sjå at me kan spre ei slik glede, det var fint, legg han til.

Målet til dei begge er å leve av musikken. Det har dei gode mogelegheiter for, ifølge Kaja. Truleg må dei flytte utanlands. Brasil kuttar i kulturbudsjettet om dagen.

- Men så vil me flytte tilbake hit til Favelaen. Her håpar eg at eg ein dag kan lære bort det eg sjølv har lært. Det er ikkje mange her som har mogelegheit til å reise til Norge eller Europa, mange lider her. Me vil komme tilbake og prøve å forandre kvardagen deira til noko betre.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Reportasje