Logg inn

Plukkar Guds krigar opp frå historias skraphaug

Forteljingane om ein krigarsk og hemngjerrig Gud kan skurre med vårt moralske kompass i dag. Likevel kan vi ikkje avfeie krigsskildringane i Det gamle testamentet, meiner den svenske teologen Olof Edsinger.

Det finst betydeleg større likskapar mellom synet på krig og fred i Det gamle og Det nye testamentet enn dei fleste kristne i dag tar innover seg. Det hevdar den svenske teologen Olof Edsinger i boka Krigene i Det gamle testamentet. Et forsøk på å forstå som nyleg kom ut på norsk på Lunde forlag. Når Jesus og apostlane synest å ta krigsskildringane i Det gamle testamentet på alvor, og oppmodar menneska til å lære av desse historiene, kvifor skal ikkje vi gjere det same? spør han.

Det gamle testamentet er fullt av skildringar av brutale krigar i Guds namn og Gud som hærførar i krigar der israelittane får beskjed om å drepe alle, både menn, kvinner og barn. «For engelen min skal gå framfor deg og føra deg til amorittane og hetittane, perisittane og kanaanearane, hevittane og jebusittane, og eg vil utsletta dei», seier Gud til Moses i Andre Mosebok 23,23.

Ifølgje Edsinger er ordet krig nemnd meir enn 300 gonger i Det gamle testamentet, og alle bortsett frå to av dei 39 bøkene kjem inn på temaet. Korleis kan den same Gud som i kjærleik til oss ofrar sonen sin for at vi skal få frelse, vere hærførar i Israels utryddingskrigar mot heile folkeslag?

Provoserande

Desse delane av Bibelen har også lenge vore i hardt vêr i den svenske offentlegheita, der bibelkritikken til forfattaren og komikaren Jonas Gardell og journalisten Eva Moberg har fått mykje merksemd. Det er Det gamle testamentets gud som får gjennomgå, skulda for å vere psykotisk mordar og nazistisk tyrann.

Krig i religionens namn har blitt eit viktig angrepspunkt mot kristen tru frå dei som meinerat Bibelens gud er moralsk korrupt.

Edsinger trur krigsskildringane er eit provoserande fenomen for mange kristne i dag. Dei har derfor valt å lese historiene allegorisk, eller forklare dei som reint menneskelege påfunn som høyrer heime på historias skraphaug.

– Slike snarvegar skapar fleire problem enn dei løyser, seier Edsinger, som i denne boka gjer eit forsøk på å forklare kvifor Det gamle testamentets krigshistorier ikkje er noko som kan feiast under teppet.

Prøv oss gratis i tre uker

Fyll ut med norsk mobilnummer og en e-postadresse.

Eller se flere abonnementsalternativer

Når du klikker «bestill» må du opprette en bruker som du benytter for å logge inn på ulike enheter. Dersom vi ser at du har en bruker med samme mobilnummer registrert bruker vi denne. Abonnementet stopper automatisk etter tre uker.

Les også