Les alt for bare 10 kr!

«Lat oss ikkje gjere forteljingane våre for eintydige, eller heroisere eller mytologisere det som har skjedd»

Les biskop Kari Veitebergs tale frå Ari Behns bisetting.

Publisert 03. januar 2020

Kjære sørgande.

I dag, når vi tar avskjed med Ari Behn som døydde juledagen, syng vi julesongar. Vi gjer det saman og vil seie, nesten i trass mot det mørke som omgir liva våre og kloden vår.

Har de lagt merke til at nesten alle julesalmar handlar om lys i mørket, om stjerner og om lysglimt frå barneauge - frå Gud sjølv født som menneske?

«Og natti vart til dag», song vi nettopp, forhåpentlegvis med håp.

Sjølv om vi godt kjenner til erfaringar av at dag blir til natt, at det også finst eit bekmørke midt på dagen.
Mange av oss har i denne mørketida eit nesten fysisk behov for å tenne lys og sette lys og stjerner i vindauge. Etter det vart kjent at Ari Behn var død, blei også Slottsplassen lyst opp av levande lys. 

Som familien var inne på, var det også i Ari Behns liv eit mørke, eit mørke som vart stadig sterkare det siste året. Eit mørke som for han verka uovervinnelig. Vår oppgåve i dag og i dagane som ligg føre, er ikkje å utmale mørkret og det vonde som omgir oss. Det kjem til syne likevel.

Vi tar avskjed ved å synge julesongar og familien har valt bibeltekster som er blitt brukt av generasjonar av menneske før oss, i møte med døden, dei to første både av jødar og kristne. Det rare med desse tekstane er at dei er har blitt til lenge før oss, men likevel kan det høyres ut som om orda er skrivne til oss. Sånn at vi kan gå inn i dei og gjere dei til våre.

ANNONSE
ANNONSE

Som Forkynnaren set ord på: «To every time there is a season», som Pete Seeger og the Byrds song. Ei tid for å sørge, miste, det veit vi i dag, men også, dersom vi skal snakke sant om mennesket, ei tid for nyskaping, dans, latter og feiring.

Og orda om tryggheit i Guds nærheit som Herren er min hyrde set sterke ord på. Det er også ord som først blir sanne dersom vi høyrer at det også dreier seg om å vere omgitt av eit mørke: Om å vere i dødsskuggens dal.

Kjærleikens høysang (1. Kor 13) oppsummerer noko som begynner å likne på eit liv med at det viktigaste, når alt kjem til alt, er tru, håp og kjærleik.

Oslo-biskop Kari Veiteberg

Vi må ta erfaringane av det vanskelege ved livet på alvor.

ANNONSE

Det fine med orda i Bibelen er at det er ord til eit kvar anledning, også i møte med den store einsomheita. Slik salme 22, den Elisabeth og koret nettopp formidla, uttrykker det: «Min Gud, min Gud, kvifor har du forlatt meg?»

Jesus gjorde desse til sine eigne då han hang på krossen. Vi kan gjere bibelorda til våre, og det kan kanskje vere til hjelp i dagane som ligg føre.

Men det krev at vi greier å leve i det som er, og snakkar sant om livet. Som tidlegare prest i bymisjonen veit eg godt at mange slit med jula og gruer seg til å vere saman og høyre på alle orda om glede, takknemlighet og lys og fellesskap.

Jula kan vere tung å bere, men eg trur ikkje problemet er Jesus-barnet og orda om håp og lys. Problemet er heller at vi ikkje får med oss det mørket som omgir juleforteljingane: Det handlar om utsett liv, om barnefødsel i ein stall langt heimanfrå, om liv som flyktningar, i eksil, med stadig erfaringar av å vere utafor og å vere heimlaus på jorda.

Vi må ta erfaringane av det samansette og vanskelege ved livet på alvor. Om eg, eller du, pratar og syng om glede, livsmot, lys,  makt og ære, utan å romme sårbarheit,  utaforskap og mørke, er det som Dennis Storhøi las: «da er jeg bare drønnende malm, eller en klingende bjelle.»  


LES OGSÅ: Domkirkeprest Elisabeth Thorsen: – Vi må vedkjenne at livsmørket finnes hos oss alle

Vår oppgåve i dag er ikkje å utmale mørkret og det vonde som omgir oss. Det kjem til syne likevel.

Vår oppgåve i dag er ikkje å utmale mørkret og det vonde som omgir oss.  Det kjem til syne likevel.

Utfordringa til oss som sørgande er å halde håpet oppe og å vere saman i kampen mot alt som trugar livet. I den kristne kyrkja gjer vi det ved å bekjenne vi trur på, den treeinige Gud, skaparen og på Jesus som viste oss ein kjærleik som er sterkare enn døden: Gud av Gud, lys av lys.

Med eit nyfødt barn i våre hender bekjenner vi trua på livets Gud. I tillegg har vi behov for å forsake det som trugar livet: «Eg forsakar djevelen og alt det vonde.» Lat oss ikkje gjere forteljingane våre for eintydige, eller heroisere eller mytologisere det som har skjedd.

Det er tungt å bære ut ein vi er glade i.

Det er tungt å bære ut ein vi er glade i. Mange vil oppleve å kjenne seg fysisk sliten når vi no tar inn over oss det som har skjedd. Det gir nemleg god meining å snakke om sorg-arbeid. Mitt håp er at vi kan gjere dette saman og gi ein kvar rom til å sørge i sitt tempo og på den måten som er rett for den enkelte.

No er vi her. Vi går. Tung blir vegen. Lat oss hjelpe kvarandre i dagane som kjem, med å jakte etter glimt og erfaringar av tru, håp og kjærleik i liva våre og å tale sant om både mørke og lys. Vi skal gjere vårt for at ikkje slike ting hender igjen.
«Lyset du treng finst», seier lyrikaren Helge Torvund. Også det kan vi seie og gjenta, i trass. Tru. Håp.

Snart syng vi Deilig er jorden, nesten i trass og i protest, saman.

Ifølgje Johannesevangeliet var dei siste orda til Jesus ei bøn til Gud: «I dine hender overgir eg mi ånd.»

Dette er også ord vi kan gjere til våre eigne, når vi tar avskjed, når vi legg oss til for å sove og i møte med døden: I dine hender overgir vi våre kjære, og i Guds trygge hender overgir vi vår ånd.




MER OM ARI BEHNS DØDSFALL:

• Vårt Land på lederplass: For å forebygge selvmord er gode ord dessverre ikke nok

• Veslemøy Østrem: Kong Haralds åpenhet lindrer. Og åpenhet kan redde liv.

• Ari Behns redaktør: Vårt siste møte var for få uker siden. Håpefullt planla vi fremtiden

Les også