Den gamle biskopen og samvitet

Han er senterpartisten som blei ein politisk parentes og kyrkjeleiar av internasjonalt format. Han var med og hindre norsk invasjon i Irak.

Reportasje

– Eg har brote utlendingsloven. Eg gav ein ureturnerbar asylsøkjar jobb som vaskehjelp.

Sa Gunnar Stålsett til Vårt Land i august, og med det starta politiet i Oslo etterforskinga av den pensjonerte biskopen.

Torsdag står han i Oslo tingrett, klar for å møte sin dommar.

Finske Sirkka blei norske Stålsett

Gunnar Stålsett er kven, altså ein av Norges fem nasjonale minoritetar. I 1868 vandra ein finsk mann ut av Finland og inn i Norge. Han bar namnet til bygda han kom frå, Sirkka i Nord-Finland. Innvandraren var læstadianar og slo seg ned i Vadsø som gardbrukar og predikant.

Fordi norskfinnane skulle bli norske, valde familien Sirkka seg eit nytt norsk familienamn: Stålsett. I 1935 blei Gunnar fødd.

84-åringen som i dag benkar seg i Oslo tingrett, og vedgår all skuld, har eit langt liv i politikk og kyrkje bak seg. Som teolog og prest har han pendla mellom grasrot og framskotne posisjonar i inn- og utland, som prest, prost, prestelærar, generalsekretær og biskop. Som senterpartipolitikar sat han i bystyre, departement og på partitoppen.

Men den meir urbane og verdiorienterte Gunnar Stålsett lukkast ikkje i politikken. Etter berre to år som Sp-leiar blei han dytta ut av partileiinga på landsmøtet i 1979. Partiet ville ha ein meir agrar mann i front.

Talte Bondevik-regjeringa midt imot

Etter eit mellomspel som prest og prost, restarta han kyrkjekarrieren og blei på toppen, som generalsekretær i Bibelselskapet og som sjef for alle verdas lutheranarar; som generalsekretær i Det Lutherske Verdsforbundet.

Då Oslo bispestol blei ledig, var Stålsett klar. Og med Senterpartiet i regjering - og Venstre på same lag, måtte KrF og Kjell Magne Bondevik bite i graset og utnemne Stålsett.

Som biskop fekk og tok Stålsett mange godt synlege oppgåver. Han fekk vie Norges tronarving med ei åleinemor frå Sørlandet. Han tok jobben som kyrkjeleg talsmann mot krig; han stod fremst i flokken som demonstrerte mot at Norge skulle delta med soldatar i USAs invasjon av Irak. Med det var han med på, saman med breie lag av folkekyrkja, å stoppe militæreventyret i Midtausten. Bondevik-regjeringa sa nei.

---

Gunnar Stålsett

  • • Fødd 10. februar 1935
  • • Utdanna teolog ved Universitetet i Oslo, Bethany Lutheran Seminary i USA og Menighetsfakultetet i Oslo
  • • 1962-1964: Skuleungdomsprest i Hamar bispedøme
  • • 1964–1970: Lærar i systematisk teologi ved Misjonsskulen i Stavanger
  • • 1969-1977: Generalsekretær i Mellomkyrkeleg råd
  • • 1972–1973: Statssekretær i Kyrkje- og utdanningsdepartementet
  • • 1977-1979: Leiar i Senterpartiet
  • • 1979-1982: Sokneprest i Elverum og prost i Sør-Østerdal
  • • 1982–1985: Generalsekretær i Det norske Bibelselskap
  • • 1985-1993: Generalsekretær i Det Lutherske Verdsforbundet, Genève i Sveits
  • • 1994-1998: Rektor ved Det praktisk-teologiske seminar ved Universitetet i Oslo
  • • 1998-2005: Biskop i Oslo bispedømme
  • • 2006-2010: Norsk spesialutsending til Aust-Timor, arbeidde med fred og forsoning

---

Kjempa for dei homofiles rettar i Den norske kyrkja

I kyrkjelege stridsspørsmål har Stålsett vore økumenisk. Og liberal. Han tala kvinnenes sak i kyrkja. Og dei homofiles.

Gunnar Stålsett steig inn i eit splitta bispekollegium i 1998; fire lillakledde ville opne for homofile i vigsla stillingar. Snart hadde Oslo-biskopen brote med både Kyrkjemøtets og Bispemøtets vedtak.

Først tilsette Stålsett ein prest i Oslo som var homofil og hadde sambuar, så ordinerte han ein homofil sambuande teolog til prest. Det siste forklarte Stålsett enkelt slik: «Ordinasjonen (...) innebærer ikke noe nytt, da kirken allerede har prester som lever i homofilt partnerskap».

Valde å bryte utlendingsloven

Pensjonisten Gunnar Stålsett naut ikkje sitt otium. I 2006 sende Utanriksdepartementet han til den ferske nasjonalstaten Aust-Timor for å fremje fred og forsoning, for okkupasjon blei erstatta med borgarkrig. Med verv i World Conference on Religion and Peace har han også vore på farten verda rundt for å halde dialogen levande.

Så, i august i år fekk ein journalist i Vårt Land ein telefon. Ho hadde skrive om Arne Vistes kamp for ureturnerbare asylsøkjarar og hadde møtt to av dei som er akkurat dét; ureturnerbare.

– Hallo, dette er Gunnar Stålsett. Eg har brote utlendingsloven.

Sa mannen i telefonen. Kort tid etter ringte politiet til Gunnar Stålsett.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Reportasje