Les alt for bare 10 kr!

Vårt Land-bileta me hugsar best frå 2019

Politimannen i Moria-leiren på Lesvos var ikkje til å misforstå: Du skal slette alle foto. No.

Publisert 28. desember 2019

I januar reiste Vårt Land til Lesvos, den greske ferieøya heilt aust i Middelhavet. Ein mils veg nord for hovudbyen Mytiline ligg Moria, ein stad som ligg så langt unna feriebileta som ein kan tenkje seg.

Eit gamalt fengsel, dimensjonert for 2.000, fylt opp 3.000 til, utanfor gjerdet, i ein olivenlund; ein teltleir med 2.000. Alle asylsøkjarar og migrantar som vil ut av Hellas, og inn i Europa.

Fotograf Erlend Berge og eg hadde nett kome ut av teltet som husa fire afghanarar, «Latifa» og hennar tre søner. Då stod han der. Mannen i blå uniform, med solbriller, trass regnet.

– Du der, ropte han, peika på fotografen.

– Stopp fotograferinga! Slett bileta!

Me sa nei.

Han sa «kom her».

På politistasjonen inne i Moria sat ein sjef og røykte. Og vippa på kontorstolen. Og skulte på besøket.

– Du må slette alle bileta du har tatt. Du har ikkje løyve til å fotografere, sa han.

– Vis oss direktivet som regulerer forbodet, svarte me.

– Har ikkje slikt skriftleg, har det berre munnleg, forklarte sjefen.

Maktkampen varte i 14 minutt. Ord mot ord. Til slutt stumpa han sigaretten og oppsummerte. Slett. No.

Så gjorde han eit unntak. Innebileta frå teltet til «Latifa» var ok. Men alt anna: Slett. No.

– Men de kan kome tilbake i morgon tidleg og søkje fotoløyve, lydde orda han kasta etter oss ut døra.

Same kveld gav Erlend politisjefen svar på tiltale: Takk til Kina, takk til programvare som hentar opp foto frå sletta minnebrikker.

Gjennom natta lyste det på skrivebordet. Dataprogrammet som hentar fram sletta foto brukte timane mot ny dag på å skanne gjennom minnekortet. Neste morgon lyste dei opp på skjermen. Alle bileta var der. Røynda i Moria-leiren kunne likevel nå Vårt Land-lesarane.

ANNONSE
Lisbeth Røyneland, leiar i Den nasjonale støttegruppa etter 22. juli. Foto: Hanne Marie Lenth Solbø
ANNONSE

22. JULI /// Lisbeth Røyneland tåler ikke lukten av liljer. De minner henne om terrordagen.  

–Det er tøft å bygge et nytt liv. Alle som har mistet et barn skjønner det, sier Lisbeth Røyneland som mistet sin datter Synne på Utøya for åtte år siden.

Les saka.

Klimabrøl framfor Stortinget. Foto: Erlend Berge.


ANNONSE
Torstein Lerhol (Sp) blei ikkje Norges første liggjande ordførar. Foto: Erlend Berge

VALGKAMP /// Han er 33 år og veier 20 kilo. Nå vil han bli ordfører. I neste omgang ønsker han seg kjæreste og barn. «Jeg har jo så mye å gi», fastslår Torstein Lerhol. Les saka.

Partileiardebatt, Arendalsuka 2019. Foto: Erlend Berge
Terror mot moskeen al-Noor i Bærum. Foto: Erlend Berge.

TERROR /// Bare halvparten av dem som pleier å møte opp var tilstede under Al-Noor Islamic Centres fredagsbønn etter angrepet. Shan Mohammed (24) tror det vil ta lang tid før medlemmene vil føle seg trygge igjen. Les saka.

Extinction Rebellion aksjonerer utanfor Statsministerens kontor. Foto: Alf Simensen.

KLIMAKAMP /// De heller blod i gatene utenfor statsministerens kontor og aksjonerer inne i Stortingsbygningen for klima. Mens ungdom streiker verden over, går noen lenger. Extinction Rebellion bidrar til at flere byer og land har erklært klimakrise. Les saka.

Purim-feiring i Det ultra-ortodokse nabolaget Mea Shearim i Jerusalem. Foto: Erlend Berge.

ISRAEL /// En dag i året skal de ultraortodokse ­jødene drikke alkohol til de ikke vet ­forskjell på det gode og det onde. I alle fall de unge mennene. Les saka.

KrF-leiar Kjell Ingolf Ropstad talar til partiet.

NEDERLAGET /// Selv den mest beherskede politiker kan vanskelig skjule bekymringen sin i et blekt belyst konferanselokale når den første valgprognosen slår mot ham. Les saka.

Foto: Erlend Berge

SEIERHERREN /// Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum viser ei skuleklasse rundt på Stortinget.

Les også