Slik les forfattarane Bibelen

– Eg kjem ikkje frå ein familie som gjekk i kyrkja, men dei gongane vi var i kyrkja så var det som om håret reiste seg på meg, seier Steinar Opstad.

Reportasje

Vårt Land tok med oss Steinar Opstad og Aasne Linnestå til Gamle Aker kyrkje i Oslo for å snakke om korleis dei les evangelia.

– Det kan vere vanskeleg å frigjere seg frå stemma ein høyrer frå barndommen, av presten som las Bibelen da.

Steinar Opstad sit saman med Aasne Linnestå i Gamle Aker kyrkje i Oslo. Utanfor har snøen smelta, og sollyset skin inn dei smale gluggane i steinbygget.

Opstad seier han ikkje vurderer evangelia på lik linje med ei ny diktsamling eller ein roman.

– Eg har sjølv ein tendens til å søke mot Bibelen når eg treng ein refleksjon som rommar trøyst. Da er det kanskje vanskelegare å få ein distanse i lesinga.

Linnestå har to gongar hatt oppdrag der ho skulle gå i dialog med forteljingar frå evangelia.

– Da les eg med eit spesielt blikk, eg søker dei områda i evangelia kor språket­ slår gnistar. Kor bilda blir ­levande for meg.

Ho fortel at evangelia er ein del av henne.

– Dei høyrer til barndomslandet. Eg blir begeistra av både forteljingane og språket som finst der. Men eg blir også forskrekka over det harde og det ­nådelause.

– Ja, det refsande, skyt Opstad inn.

Linnestå nikkar, og held fram:

– Straffa som ventar deg dersom du ikkje underkastar deg dogma som blir lagt fram. Det er noko i språket som vekkar forfattaren i meg, samtidig som eg tek eit skritt til side i skrekk over kor mange nådelause rom som finst i desse tekstane.

– Eg vart slått av kor sterkt det bibelske landskapet står innskrive i meg

—   Aasne Linnestå

Kyrkja er stille og tom bortsett frå oss, og Opstad lener seg fram på den vesle trestolen.

– Eg har ein dragning mot det bibelske språket – og ein motstand. Det kan virke veldig sterkt på meg. Det er som om det forlanger noko av meg. Noko som eg ikkje kan gi. Ein type truskap som eg ikkje alltid er budd på.

Han seier han har eit veldig omskifteleg forhold til bibeltekster.

– Som barn er det er ofte gjennom Bibelens språk ein får formidla poesi for første gong. Men eg kjem ikkje frå ein familie som gjekk i kyrkja.

– Heller ikkje eg, seier Linnestå.

Aasne Linnestå leser et utdrag fra romanen Johannas åpenbaringer. Video: Erlend Berge.

– Men dei gongane vi var i kyrkja så var det som om håret reiste seg på meg, held Opstad fram.

– Det blir ofte sagt at mine dikt har eit bibelsk språk, men det er eg ikkje heilt einig i. Språket mitt kjem frå ein annan stad, sjølv om det har klangbotn i det bibelske språket.

Det bibelske landskapet

Det bibelske landskapet. Linnestå fortel om da ho ein gong var i Israel.

– Vi kom køyrande frå havet, frå Tel Aviv, opp mot Jerusalem. Og eg vart slått av kor sterkt det bibelske landskapet står innskrive i meg.

Linnestå har ikkje blitt flaska opp med Bibelen, ho kjem frå ein radikal familie på venstresida.

– Og likevel. Det å komme køyrande til denne byen som ligg 800 ­meter over havet, å sjå fjella, å komme til Getsemanehagen, til Galilea. Alle desse ­områda som ein har i seg. Det berre slo inn.

– Eg har ei motsett oppleving, seier Opstad.

– Alt var så stort da eg las om det i Bibelen her heime. Og så kom eg til Jerusalem, og alt var så trivielt, med vegskilt til Nasaret der, og Galilea der.

– Eg skulle ta to dagar i Jerusalem aleine. Men eg vart heilt nomen, eg greidde ikkje ta noko inn. Det vart for mektig

—   Steinar Opstad

Begge to ler, og Opstad fortel at han hadde vore på ein poesifestival i Galilea, blant druserne, eit arabisk-talande folk i Israel.

– Eg skulle ta to dagar i Jerusalem aleine. Men eg vart heilt nomen, eg greidde ikkje ta noko inn. Det vart for mektig.

Poesi og sosialisme i Bibelen

– No snakkar de om eit landskap som de kjenner dykk igjen i. Men Bibelen har tekster som er over to tusen år gamle. Er det likevel noko moderne ved han?

– Det arkaiske er ein del av moderniteten, og vil alltid finnast i nye tolkingar. Men eg opplever evangelia som veldig moderne. Dei gir presise uttrykk for kollektive kjensler hos oss ­menneske, seier Opstad.

Linnestå trekker inn alle grunnsituasjonane i evangelia som ein kan identifisere seg med.

– Eg las i går kveld om da Jesus salva­ føtene til disiplane. Det er nesten som sosialisme, korleis han bryt ned hierarkiet gjennom denne handlinga.

Ho synes det skapar noko vakkert som kan førast rett over på vårt ­samfunn.

– Det gjer at rommet som ofte lukkar seg når eg les bibeltekstane, kan opne seg igjen. Det ømme og det milde strøymer fram igjen.

Steinar Opstad leser to dikt fra samlingen En varig lengsel.

Det heilage

Opstad seier han òg finn den refsande Jesus i evangelia.

– Og da forstår eg han ikkje. No er ikkje eg teolog, men om eg møtte ein mann som sa «gå med meg, eller bli fortapt», så hadde eg ikkje hatt tillit til ein slik person.

Han synes det er fleire situasjonar i evangelia som er vanskelege.

– Det er i det heile vanskeleg å snakke om dette, for så fort ein begynner å snakke om det heilage, så forsvinn det. Ein må alltid peike indirekte mot det.

Linnestå nikkar.

– Det er tandert. Eg kjenner sjølv når eg snakkar om det som er heilag for meg, så opnar eg hjartet mitt. Det er ikkje noko eg berre vrenger ut av meg.

Skal ho snakke om det, så meiner Linnestå det må det vere eit rom som toler at ho snakkar om det andelege, om det heilage.

– For ein kan bli harselert med og spotta for noko som ligg så nært.

Opstad seier det er vanskeleg å snakke om tru i vår tid.

– Alt kring oss er så sekulært. Det er vel det som pregar måten vi les Bibelen på, vi kan lese han frå alle kantar no. Vi kan skru av og lese han som ein skjønnlitterær tekst. Det er ein kvalitet ved tekstane, at dei også toler den sekulære konteksten.

– I vår tid er det også lov til å konsentrere seg om uttrykket, dei estetiske kvalitetane ved Bibelen. Det er noko frigjerande ved det, seier Linnestå.

– I vår tid er det også lov til å konsentrere seg om uttrykket, dei estetiske kvalitetane ved Bibelen. Det er noko frigjerande ved det

—   Aasne Linnestå

Kravfull Jesus

Mens vi snakkar, kjem tilsette i Gamle Aker kyrkje inn døra med eit tre mellom seg. Dei skal pynte kyrkja til jul. Eg spør Linnestå og Opstad om det noko i evangelia som har overraska dei i vaksen alder.

– Det er det harde. Som plutseleg berre er der. Også frå Jesus. Det kravfulle. Ein del av meg vil alltid tenke at Jesus er den milde. Han skal vere ein som skapar forsoning, ikkje splid. Han skal lækje og berre gjere gode gjerningar, seier Linnestå.

– Det er poesien i det heile som alltid kjem bak på meg, seier Opstad.

Han trur det har å gjere med den moralske refleksjonen og bodskapet.

– Det held fram med å leve, gjennom stadig nye tolkingar. Det klare i det, sjølv om det er mykje gåtefullt. Det overraskar meg.
Når Linnestå har lese i evangelia dei siste åra, har ho blitt slått av nærværet av naturen.

– Graset, himmelen, lynet og torevêret, liljene på marka har ein større verknad på meg no enn det hadde før.
Ho meiner det har å gjere med at vi er i ferd med å øydelegge skaparverket.

– Naturen er utsett for så mange truslar no. Evangelia løftar fram nærværet av naturen i eit rikt og vakkert språk.

Vår bibel

Samtalen er nesten over, sollyset står skrått inn i kyrkja. Opstad ser ned på hendene sine, før han seier at han veldig ofte tenker på alle menneska som har lese evangelia, som har høyrt dei bli lese og som har levd med dei.

– Eg tenker på kor mykje det har betydd for dei?

Han seier det er som om å komme i kontakt med alle dei som har lese Bibelen før han.

– Det gjer nesten sterkare inntrykk enn at det skal vere Guds ord. Dette er teksten til menneska.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Reportasje