Då tyskarane sette fyr på Finnmark og Nord-Troms, sparte dei 27 kyrkjer. Kvifor?

Kyrkja var den einaste bygningen som blei spart då okkupasjonshæren svidde av Honningsvåg. Finnmark og Nord-Troms hadde 54 kyrkjer før tyskarane tok fram fyrstikkene.

Reportasje

I dag møtest dei i Kirkenes, Norges statsoverhovud og landets regjeringssjef. Kong Harald og statsminister Erna Solberg (H) skal markere at det er 75 år sidan militære avdelingar frå Sovjetunionen gjekk inn i Aust-Finnmark og starta frigjeringa av Norge. 25. oktober 1944 blei Kirkenes frigjort.

Dei sovjetiske soldatane tvinga tyskarane til retrett. 28. oktober blei Adolf Hitlers ordre kunngjort.

200.000 tyske soldatar skulle flyttast sørover til ei tryggare frontline, til Lyngen i Troms.

Eit inferno skulle sleppast laus i Finnmark og Nord-Troms. Den brente jords taktikk.

Førarordren frå Berlin blei avslutta med orda «Medkjensle med befolkninga er ikkje på sin plass.»

Svidde av landsdel

Det aller meste av infrastruktur og bygningar i Finnmark og Nord-Troms blei offer for elden og dynamitten. Bustadhus, gardsbruk, industribedrifter, skular, sjukestover, fiskebruk; alt blei øydelagt. Til liks med bruer, telegrafstolpar, båtar, fyrlykter, kaiar og vegar.

Og 27 kyrkjer.

Men tyskarane sparte likevel 27 gudshus, let dei stå att i ruinane, som oskesvarte bautaer.

Kvifor?

Soldatar hadde ikkje samvit til å brenne kyrkjer

Heidi Stenvold, konservator på Gjenreisningsmuseet for Finnmark og Nord-Troms i Hammerfest, har svar:

– Tidsvitne fortel om tyske soldatar og offiserar som ikkje hadde samvit til å brenne ned kyrkjer, for dei var sjølve religiøse.

På beltespenna til soldatane i Wehrmacht sto tre ord, Gott mit uns; det gamle prøyssiske valspråket.

Men Stenvold har også andre forklaringar.

NS-leiar ba for ni kyrkjer

Dårleg tid: Dei tyske sprengingskommandoane hadde dårleg tid til å brenne i Aust-Finnmark, dei hadde Den raude hæren i hælane og frykta for eigne liv. I Vest- og i Midt-Finnmark var det tid til grundig bruk av brent jords taktikk.

Respekt for døde landsmenn: I Hammerfest var gravkapellet det einaste bygget i byen som stod igjen etter brenninga. Like ved gudshuset låg graver til tyske soldatar som hadde døydd i okkupasjonsåra.

Appell om å spare kyrkjer: Nasjonal Samlings fylkeskontorsjef i Troms skreiv til Diensteille Des Reichskommisar i Tromsø og bad om at ni kyrkjer måtte bli sparte, for dei hadde «spesiell kulturell og historisk verdi» - det var kyrkjene i Kåfjord, Talvik, Loppa, Lyngen, Alta, Skorpa, Skjervøy, Nordreisa og Rotsund.

Berre Loppa kyrkje blei brent.

Tidsvitne fortel om tyske soldatar og offiserar som ikkje hadde samvit til å brenne ned kyrkjer, for dei var sjølve religiøse.

—   Heidi Stenvold, konservator på Gjenreisningsmuseet for Finnmark og Nord-Troms

---

75 år

  • No i oktober er det 75 år sidan militære avdelingar frå Sovjetunionen gjekk inn i Aust-Finnmark - 25. oktober blei Kirkenes frigjort.
  • Frigjeringa av Aust-Finnmark fann stad eit halvt år før resten av Norge blei fritt; 8. mai 1945.
  • Kong Harald, statsminister Erna Solberg (H), utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H) og Russlands utanriksminister Sergej Lavrov deltek på dagens frigjeringsmarkering i Kirkenes.
  • Markeringa er ei påminning om katastrofen som ramma folk i Finnmark og Nord-Troms seinhausten 1944, og som utspela seg i månadane som kom.
  • Den tyske okkupasjonshæren brukte «den brente jords taktikk» og tvinga titusental til å evakuere byar og bygder i Finnmark og Nord-Troms. Tyskarane brende ned og raserte omtrent heile Finnmark og Nord-Troms.
  • 2.122 sovjetiske soldatar mista livet under offensiven inn i Norge for 75 år sidan.

---

Tyske soldatar trong husly

– Me ser også at få kyrkjer i Nord-Troms blei brende, fortel Heidi Stenvold, og forklarar: Lyngenlina, den tyske forsvarslina, låg nord i Troms.

– Her trong dei tyske avdelingane husly, og kyrkjene var store og rommelege - og det var seinhaust og vinter ute. Difor blei kyrkjene i Nord-Troms brukte til innkvartering.

Konservatoren i Hammerfest samanfattar:

– Sjølv om tidsvitne fortel om gudfryktige tyskarar som valde å spare kyrkjer, hellar eg meir til forklaringa om dårleg tid og praktiske val. I norske kjelder er det ingen spor av religiøse forklaringar på at kyrkjer ikkje blei brende, men kanskje kan ein finne det i tyske kjelder, i tyske arkiv.

Oppretta stilling som kyrkjegjenreisar

8. mai 1945 blei heile Norge fritt. I Finnmark budde folk seg på gjenreising. Det kongelige kirke- og undervisningsdepartement lyste ut ei stilling som fylkesprost. Jobben gjekk til Alf Wiig, ein røynd sokneprest med tenesteår i Nordland og Finnmark. I boka Våre kirkehus i nord er gjenreist skriv han om dei 54 kyrkjene i landsdelen som blei heimsøkt av brent jords taktikk:

«Av disse gikk 27 tapt. Noen hadde vi altså igjen, men det var for det meste de minste og mest avsideliggende.

Alle bykirkene og de fleste hovedkirkene lå i grus, og flere av dem svar var spart, var skadd av eksplosjoner og eller ille medfart fordi de hadde vært rekvirert til militært bruk. Tapet var katastrofalt for gjenopptakelsen av kirkelig virksomhet og menighetsliv. Hertil kommer at samtlige kirkegårder, 15 i tallet, var borte.»

«Ett lyspunkt møtte oss: tenk, Kirka stod der»

Honningsvåg kyrkje var mellom dei 27 som blei spart under brenninga av Finnmark. Dei første som vende tilbake til fiskeværet sommaren 1945 brukte difor gudshuset til herberge, storkjøkken, bakeri og matsal.

«Det var både trist og vemodig å komme tilbake til Honningsvåg hvor alt var rasert. Bare kjellermurene stod igjen, men ikke alle av dem heller, noen var ramlet ned. Men ett lyspunkt møtte oss: tenk, Kirka stod der. Den raget så høyt, over alle murene. Og vår første overnatting, for meg og mine to barn, 7 og 9 år gamle, ble på benkene i kirka», skriv Dagmar Førde Olsen i boka Honningsvåg Kirke 100 år.

Tok 20 år byggje opp 27 kyrkjer

– Alf Wiig var ein gedigen kyrkjeleiar. Han gauv laus på arbeidet med byggje opp at nedbrente kyrkjer, for han såg at kyrkjer måtte folk ha. Medan folk venta på ny, samlast dei i bedehus, skular og endå til i fiskebåtar, fortel Per Oskar Kjølaas. Som biskop i Nord-Hålogaland deltok han på mange 50-årsjubileum for gjenreisingskyrkjer i Finnmark.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Reportasje