Les alt for bare 10 kr!

– Det han var mest redd for, var å miste evna til å skrive

Jan Roar Leikvoll rakk å skrive nokre av dei sterkaste romanane i den norske samtidslitteraturen. No er han aktuell med Heimatt, den andre boka som er kommen ut etter at han døydde.

Publisert 04. oktober 2019

Med eit brak debuterte Jan Roar Leikvoll i 2008 med romanen Eit vintereventyr. Historia frå ein arbeidsleir, om ein hovudperson som lengta etter å bli elska, vart kalla både mirakuløs og imponerande av kritikarane. Berre to år seinare følgde Leikvoll opp med Fiolinane, som vart nominert til både Kritikarprisen og Ungdommens kritikarpris, og som han fekk Nynorskprisen og Bjørnsonstipendet for. På kort tid var han blitt eit av dei store, unge namna i det litterære Noreg.

Han rakk å skrive to bøker til, før han plutseleg, den 31. juli i 2014, gjekk bort. I haust er han aktuell igjen med Heimatt, den andre romanen som er kommen ut etter hans død. Kven var han, forfattaren av desse brutale, vonde, men høgt akta, bøkene?

Sovna inn i barndomsheimen

– Skrivinga er sterkare enn meg, det sa han ofte.

Christine Leikvoll har vore i Oslo for å snakke om forfattarskapet til broren, Jan Roar Leikvoll. Ho legg ikkje skjul på at bortgangen hans framleis er vond å leve med.

– Tomrommet etter han vart så enormt.

Familien veit enno ikkje kva han døydde av. Jan Roar Leikvoll hadde vore operert for hjernesvulst i ung alder. Sjukdommen var under kontroll, og dei siste åra var fine og rolege.

– Vi hadde guarden nede og låge skuldrer, og så plutseleg kom det, seier søstera.

Broren sovna inn i senga, i barndomsheimen. Christine møtte han tre dagar før, og da var han inne i ein veldig god skriveperiode. To veker seinare skulle han reise til Kviterussland til kona si, og vere borte i 10 månadar.

ANNONSE

Logg inn for å lese videre

eller

Ikke abonnent?

Nå kan du lese Vårt Land digitalt i 10 uker for 10 kr*

10 uker - 10 kr

*Abonnementet er løpende og kan sies opp når som helst. Etter prøveperioden fornyes det automatisk til rabattert pris kr 199 per måned.

Les også