Religiøse leiarar stiller krav til regjeringa: #HentBarnaVåreHjem

Redd Barna rullar ut kampanje for barn av IS-foreldre som oppheld seg i Syria.

Reportasje

– Norge har eit ansvar for desse barna, seier sjefsbiskop Helga Haugland Byfuglien i Den norske kyrkja.

Saman med åtte andre kyrkje- og livssynsleiarar krev preses Byfuglien at Solberg-regjeringa hentar heim alle norske barn frå Syria, ikkje berre dei som står utan foreldre. I juni henta Norge heim fem foreldrelause.

Livssynsleiarar

I ein ny kampanje for dei norske barna i Syria har hjelpeorganisasjonen Redd Barna også fått med seg biskop Bernt Eidsvig i Oslo katolske bispedømme, imam og styreleiar Senaid Kobilica i Muslimsk dialognettverk, generalsekretær Ingrid Rosendorf Joys i Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn, organisasjonssekretær Patrik Swanström i Holistisk forbund, tilsynsprest Knut Refsdal i Metodistkirken, generalsekretær Berit Hagen Ågøy i Mellomkyrkjeleg råd, Parmjit Singh, talsmann for norske sikhar og styreleiar Tom Hedalen i Human-Etisk Forbund.

– Det er fint å stå saman med så mange om dette kravet, seier Byfuglien.

Press førte fram

I over eit halvt år har Redd Barna systematisk prøvd å få Solberg-regjeringa til å snu. Først med ei rekkje medieutspel og opne brev til utanriksministeren, familieministeren og justisministeren som blei følgt opp med møte med statssekretærane i departementa.

Organisasjonen meiner presset førte fram: «Som resultat av vårt arbeid samt presset fra andre aktører, annonserte statsministeren at Norge aktivt vil hente hjem barna av norske IS-krigere, men bare de foreldreløse», skriv Redd Barna på eiga heimeside.

I august organiserte eks-utanriksminister Knut Vollebæk og Redd Barna eit opprop med 20 tidlegare regjeringsmedlemmer, inkludert eks-statsminister Kjell Magne Bondevik, som fremma eit krav til statsminister Erna Solberg: Hent norske barn av IS-foreldre og deira mødrer heim til Norge.

Same månad gjekk 20 forfattarar saman om same appell, og sende også eit brev til statsministeren.

Kort tid etter fronta Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn ei felles fråsegn der dei oppmoda statsministeren om å hente barna heim.

– Uforståeleg av Erna Solberg

– Kor lenge vil Redd Barna halde presset mot regjeringa oppe?

– Me kjem til å halde trykket oppe til regjeringa snur i denne saka, seier generalsekretær Birgitte Lange i Redd Barna.

– Me rettar eit særskilt press mot statsminister Erna Solberg, for det er heilt uforståeleg for oss at ho tek sjansen på at norske barn kan døy i Syria, og at ho godtek dei elendige tilhøva barna lever under i leirane i Syria.

LES OGSÅ: Fem foreldreløse barn overlevert

Foreldre aktive i IS

Politiets tryggingsteneste (PST) opplyser at det er snakk om rundt 40 norske barn som framleis oppheld seg i Syria. Alle har foreldre som var aktive i terrororganisasjonen IS - Det islamske kalifatet som lenge styrte delar av Syria og Irak.

I dag oppheld barna og mødrene seg i tre oppsamlingsleirar aust i Syria, al Hol, Ein Issa og Roj. Totalt bur det kring 12.000 utlendingar i leirane, og om lag 8.700 skal vere mindreårige.

LES OGSÅ: Etterlyser resten av barna i Syria 

Preses: Norge har ansvar

– Kvifor stiller du opp i denne kampanjen, Helga Haugland Byfuglien?

– Me må løfte fram det ansvaret Norge har for desse barna, seier preses i Den norske kyrkja, og understrekar at Solberg-regjeringa berre har eit alternativ: Få barna ut av krigsherja Syria saman med attlevande foreldrer; få dei heim til Norge for å sikre dei den behandlinga dei treng.

Biskop Byfuglien meiner mødrene må få bli med til Norge, men at dei må stillast til ansvar for det dei har gjort i Syria.

LES OGSÅ: Kirkeseniorer legger press på Solberg

– Krevjande jobb

– Du har også tidlegare vore med og fronta kravet om å hente barna, med foreldre, til Norge, trur du at dette skjer til slutt?

– Ja. Men også eg ser at dette er ein krevjande jobb, og at det difor kan ta litt tid.

Eit fleirtal av partia på Stortinget seier ja til heimhenting, inkludert regjeringspartia Venstre og KrF. Men i regjeringa seier Frp og høgre nei.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Reportasje