Plukkar Guds krigar opp frå historias skraphaug

Forteljingane om ein krigarsk og hemngjerrig Gud kan skurre med vårt moralske kompass i dag. Likevel kan vi ikkje avfeie krigsskildringane i Det gamle testamentet, meiner den svenske teologen Olof Edsinger.

Reportasje

Det finst betydeleg større likskapar mellom synet på krig og fred i Det gamle og Det nye testamentet enn dei fleste kristne i dag tar innover seg. Det hevdar den svenske teologen Olof Edsinger i boka Krigene i Det gamle testamentet. Et forsøk på å forstå som nyleg kom ut på norsk på Lunde forlag. Når Jesus og apostlane synest å ta krigsskildringane i Det gamle testamentet på alvor, og oppmodar menneska til å lære av desse historiene, kvifor skal ikkje vi gjere det same? spør han.

Det gamle testamentet er fullt av skildringar av brutale krigar i Guds namn og Gud som hærførar i krigar der israelittane får beskjed om å drepe alle, både menn, kvinner og barn. «For engelen min skal gå framfor deg og føra deg til amorittane og hetittane, perisittane og kanaanearane, hevittane og jebusittane, og eg vil utsletta dei», seier Gud til Moses i Andre Mosebok 23,23.

Ifølgje Edsinger er ordet krig nemnd meir enn 300 gonger i Det gamle testamentet, og alle bortsett frå to av dei 39 bøkene kjem inn på temaet. Korleis kan den same Gud som i kjærleik til oss ofrar sonen sin for at vi skal få frelse, vere hærførar i Israels utryddingskrigar mot heile folkeslag?

Provoserande

Desse delane av Bibelen har også lenge vore i hardt vêr i den svenske offentlegheita, der bibelkritikken til forfattaren og komikaren Jonas Gardell og journalisten Eva Moberg har fått mykje merksemd. Det er Det gamle testamentets gud som får gjennomgå, skulda for å vere psykotisk mordar og nazistisk tyrann.

Krig i religionens namn har blitt eit viktig angrepspunkt mot kristen tru frå dei som meinerat Bibelens gud er moralsk korrupt.

Edsinger trur krigsskildringane er eit provoserande fenomen for mange kristne i dag. Dei har derfor valt å lese historiene allegorisk, eller forklare dei som reint menneskelege påfunn som høyrer heime på historias skraphaug.

– Slike snarvegar skapar fleire problem enn dei løyser, seier Edsinger, som i denne boka gjer eit forsøk på å forklare kvifor Det gamle testamentets krigshistorier ikkje er noko som kan feiast under teppet.

Jamvel om ein tidvis kan oppfatte boka som eit forsvarsskrift for dei religiøse krigane i Det gamle testamentet, er Edsinger nøye med å understreke at det ikkje finst noko i Bibelen som kan forsvare krig i Guds namn i dag.

– Israels krigar er avgrensa til ein historisk periode, i mot­setnad til for eksempel jihad, heilag krig slik det er skildra i Koranen, som ikkje er avgrensa i tid og rom. Det står ingenting om krig i Guds namn etter Israel slutta å eksistere som politisk teokrati.

Jesu Bibel

– Men kvifor er du så opptatt av at vi ikkje kan lese krigsskildringane allegorisk?

– Hovudargumentet mitt erat verken Jesus eller apostlane tar oppgjer med den bokstav­lege forståinga av desse tekstane. Jesus viser både til syndflodaog Sodoma og Gomorra somhistoriske hendingar somdisiplane hans skulle ta lærdom av.

– Kan ikkje Jesus og disiplane ha tolka det allegorisk?

Det står ingenting om krig i Guds namn etter Israel slutta å eksistere som politisk teokrati.

—   Olof Edsinger

– Det er ikkje noko som tyder på det. Eg kan godt sjå ein parallell mellom Israels kamp og min eigen mot vondskapen, men det er ikkje berre allegori. Det er for mange stader Det gamle testamentet fortel at Gud er delaktig i krigen, til at vi kan la vere å ta det på alvor.

– I boka viser du til Matteusevangeliet, der Jesus snakkar om at han ikkje er kome på jorda for å bringe fred, men sverd. Det tolkar du symbolsk utan å mukke?

– Jesu ord tolkar eg symbolsk, men det er i lys av at Jesus så tydeleg har tatt avstand frå vald. Samanhengen krev ei symbolsk tolking, slik samanhengen i Det gamle testamentet krev det motsette.

Same Gud

Ein kan forsøke å argumentere for at det ikkje er same gud vi møter i dei to testamenta, eller at Gud har forandra seg, men for Edsinger heng ikkje det på greip.

– Gud er den same gjennom heile Bibelen, han er ein krigar som strid mot det vonde i ein raud tråd frå Mosebøkene til Openberringa.

Forskjellen ligg heller i det at Gud inngår ei ny pakt med menneska i Det nye testamentet.

– Pakta i Det gamle testamentet går ut på at israelittane og Gud saman skal bygge ein gudsstat på jorda. Med det kjem eit ansvar for å oppretthalde det rettferdige i den politiske staten. Israel får eit land å forsvare og får dermed også fysiske fiendar.

Bodskapen i Det nye testamentet er jo derimot at vi skal elske våre fiendar og ikkje krige mot kvarandre for å spreie Guds rike.

I den nye pakta finst det derimot ikkje fysiske fiendar, for her er Guds rike åndeleg. Det betyr ifølgje Edsinger derimot ikkje at vi er frie frå Guds dom.

Gud er den same gjennom heile Bibelen, han er ein krigar som strid mot det vonde i ein raud tråd frå Mosebøkene til Openberringa.

—   Olof Edsinger

Pakta i Det gamle testamentet går ut på at israelittane og Gud saman skal bygge ein gudsstat på jorda. Med det kjem eit ansvar for å oppretthalde det rettferdige i den politiske staten. Israel får eit land å forsvare og får dermed også fysiske fiendar.

Bodskapen i Det nye testamentet er jo derimot at vi skal elske våre fiendar og ikkje krige mot kvarandre for å spreie Guds rike.

I den nye pakta finst det derimot ikkje fysiske fiendar, for her er Guds rike åndeleg. Det betyr ifølgje Edsinger derimot ikkje at vi er frie frå Guds dom.

Syndas alvor. 

–Sjølv om det er lite snakk om dette i kyrkja i dag, er Gud framleis den same krigaren som skal dømme levande og døde – det er berre flytta fram i tid.

Han meiner det bildet vi målar av Gud i dag, er for enkelt. Gud er paradoksal og for stor til at vi kan forstå.

– Talen om Guds dom er tydelegare i Det nye testamentet enn i det gamle. Her er syndas alvor så stort at Gud sjølv må gå i døden for oss. Det får jo Det gamle testamentet til å bleikne.

Skurrar

Professor ved Menighetsfakultetet, Gard Granerød, kan kjenne igjen Edsingers observasjon om at mange kristne i dag ikkje relaterer seg i særleg grad til Det gamle testamentets krigsskildringar.

– Mange opplever nok at det er noko som skurrar i vårt moralske kompass når vi les om dette i dag.

Men han meiner at det må det vere rom for. Særleg når vi ser desse forteljingane i lys av tida dei er skrivne i.

– Det var ikkje uvanleg å føre krig på vegner av nasjonalguden sin i denne perioden. Mesja-innskrifta, til dømes, frå 800-talet f.Kr., fortel om moabittane som driv krig for sin gud, Kemosh. Ein kan enkelt byte ut namnet Kemosh med Jahve og moabittane med israelittane, og få omtrent same historie.

Fortoking

 – Men gudsbildet kan jo vere like vanskeleg å relatere seg til, sjølv om ein ikkje les dette som historiske fakta?

– Jo, men ein les det jo i dag ofte i ei fortolkingsramme, ikkje bokstavleg.

Mange opplever nok at det er noko som skurrar i vårt moralske kompass når vi les om dette i dag.

—   Gard Granerød

– Edsingers hovudargument for å lese Det gamle testamentet bokstaveleg, er at Jesus gjorde det same?

– Eg har ikkje lese boka til Edsinger, men det er nok litt for enkelt å seie at Jesus las bokstavleg, han stod i ein skuletradisjon i stor grad prega av fortolking.

Oppgjer

Også Magnar Kartveit, tidlegare professor i Det gamle testamentet ved Misjonshøgskolen, meiner at det er ein heilt vanleg mekanisme blant mange å ikkje ta desse tekstane innover seg.

– Er det greitt å la vere?

– Desse tekstane overtar den generelle krigstankegangen frå perioden, og kan slik sett ikkje seiast å vere spesielt kristne eller jødiske. Og det finst også tekstar i Det gamle testamentet som tar avstand frå krigsideologien.

Han meiner dessutan at Jesus tar eit tydeleg oppgjer med dette til dømes i Bergpreika.

Eit kjapt blikk på Kyrkjerådet si oversikt over preiketekstar for 2016 - 2017 viser at av dei gamaltestamentlege tekstane som er valde, er det få som går inn på krigsskildringane. Det er den fredlege, forsonlege og nådige Gud som oftast løftast fram.

– Er det greitt å la vere?

– Desse tekstane overtar den generelle krigstankegangen frå perioden, og kan slik sett ikkje seiast å vere spesielt kristne eller jødiske. Og det finst også tekstar i Det gamle testamentet som tar avstand frå krigsideologien.

Han meiner dessutan at Jesus tar eit tydeleg oppgjer med dette til dømes i Bergpreika.

Eit kjapt blikk på Kyrkjerådet si oversikt over preiketekstar for 2016 - 2017 viser at av dei gamaltestamentlege tekstane som er valde, er det få som går inn på krigsskildringane. Det er den fredlege, forsonlege og nådige Gud som oftast løftast fram.

Mi løysing er å seie at Gud er den same, men at tekstane er forskjellige.

—   Magnar Kartveit

---

Dei første krigane

  • Josva og Domarane, dei bøkene som følgjer Mosebøkene, skildrar korleis Moses' etterfølgjarar erobrar fleire og fleire landområde i brutale angrepskrigar på befaling frå Gud.
  • I slag etter slag kan vi lese om korleis Josva og dei andre vinn med Guds hjelp, med formuleringar som «Deretter hogg Josva dei ned. Han drap dei og hengde dei opp på trepålar», «Dei knuste fiendane slik at ingen overlevde eller slapp unna» og «Han utsletta alt som levde der».
  • Slaget ved Jeriko er eit av dei mest kjente, der Herren riv ned byens murar for israelittane (Jos 6).

---

---

  • Gud grip også tydeleg inn i krigen mot amorittane, der Herren spreier uro i rekkjene til fienden og får sol og måne til å stå stille. Då amorittane prøver å rømme, kastar Herren store steinar ned frå himmelen og drep dei (Jos 10).
  • Gud vender seg også mot Israel når dei har synda. Til dømes i slaget ved Ai, der israelittane tapar fordi ein mann tok for seg av det bannlyste godset i Jeriko. Som straff blir den skuldige og hans søner og døtrer og dyr steina. Slik får dei igjen Gud på si side (Jos 7).
  • Under kong Saul og kong David er utryddingskrigane utførte. Men også her skildrast både forsvars- og erobringskrig.
  • Mest kjent er Sauls krig mot filisterane, der David vinn over Goliat og skjer hovudet av han (1. Sam 17), og Israels krig mot ammonittane, der David let soldaten Uria få posten lengst framme så han er sikra at han vil falle (2. Sam 11).
  • David, kan vi lese, legg heile Israel under seg. Men fordi han har kriga så mykje, vil ikkje Gud la han bygge Herrens tempel. (1. Krøn 22,7 - 9). Først med Davids son Salomo, går landet inn i ein periode med fred.

---

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Reportasje